- Dette arrangement har allerede funnet sted.
30.04.15: Radikalisering, RVTS sitt bidrag til handlingsplanen
30/04/2015 @ 10:00 - 14:30
GratisLes om temadagen på våre nettsider, eller last ned invitasjon under. Påmeldingsfrist 25. april.
Førelesarar
Elisabeth Harnes er tilsett ved RVTS Vest og har bakgrunn som minoritetsrådgjevar i IMDi (tvangsekteskap, kjønnslemlestelse og alvorlig begrensning av unges frihet). Ho har internasjonal jobberfaring frå terapeutisk og sosialt arbeid i USA og Kenya. Er utdanna familieterapeut og har ein fagbakgrunn innanfor religion og interkulturell kommunikasjon. Ho har skrive følgande Mastergrad: «Re-defining your Black Self the Muslim Way.» Conversions from Christianity to Islam among African-Americans.
Elisabeth har koordineringsansvar for RVTS Vest sitt arbeid mot radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Geir Olsen har erfaring frå akuttmottak i psykiatri, somatikk og rus. Sikkerhetspsykiatri på Gaustad og Sandviken. Tilsett ved kompetansesenteret i sikkerhets-, fengsels- og rettspsykiatri region vest dei siste 14 åra, før han byrja ved RVTS Vest.
Særleg oppteken av korleis møte og handtere vald og aggresjon på ein optimal måte og at det må vere møteplassar på alle nivå for å byggje kompetanse.
Rolf Vårdal er utdanna fysioterapeut. Han jobba klinisk frå 1991-2009, 1998-2009 også med flyktningar/asylsøkarar, fleirtalet med traumatiske erfaringar; krig, fengsling, tortur, dramatisk flukt, m.m. Ved RVTS Vest frå 2006, avbrote av ein periode (2010-2012) som integreringskonsulent ved Introduksjonssenteret for flyktningar i Bergen kommune.
Rolf har jobba mykje med personar med torturopplevingar, ser kor viktig fysisk og annan aktivitet er for menneske med slike og andre traumatiske opplevingar. Vidare fokus på det ”menneskelege” aspekt i relasjonen, ikkje kun det vi kallar for terapi.
Patrick O’Loughlin er utdanna lærar og psykolog med spesialisering i klinisk barnepsykologi. Han har seniorutdanning i traumebehandling med fokus på barn, ungdom og familiar, trener i International Child Development Programme (minoritetsversjon) samt narrativ eksponeringsterapi.
Patrick held for tida på med Bruce Perry si opplæring i NMT (Neurosequential Model of Theraputics).
På 1990-talet var han 2,5 år i Ministry of Education, Zambia, der han jobba med utvikling av gode tiltak for barn med særlege behov, kriseintervenering i eit HIV/ AIDS-ramma land og var med på innføringa av landet sitt første Portage Early Education Programme.