Previous slide
Next slide

Følg vårt nyhetsbrev!

Meld deg på nyhetsbrevet vårt og få informasjon om kurs, konferansar og andre nyheter frå senteret!

Ja, eg vil melde meg på!

Aktuelt

Deltakarane frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane er nøgde med kompetanseprogrammet. F. v: Anja Korneliussen (leiar), Ann-Sissel Tresnes og Oda Marie Hugaas Helland.

Vi held på med å pilotere eit kompetanseprogram om korleis drive mestrings- og stabiliseringsgrupper for menneske med traumesymptom.

Det er Jorunn Helle, Linda Thomassen og Sanne Bach som har utarbeidd kompetanseprogrammet.

– Målsettinga med programmet er både å auke den generelle kompetansen i kommunane når det gjeld traumer, og at det vert sett i gang grupper på kommunalt nivå, seier Jorunn Helle.

– Det er derfor viktig at deltaking er forankra i leiinga og at det er ein plan for korleis leggje til rette for å etablere ei slik gruppe.

Frå venstre: Jorunn Helle, Elisabeth Harnes, Linda Thomassen og Sanne Bach. Elisabeth hadde førelesning om kultursensitiv tilnærming denne dagen.

Kva er det ein lærer ved å delta på kompetanseprogrammet?

– Deltakerne får generell kunnskap om traumelidingar og traumesymptom, samt kunnskap om verktøy for å handtere desse, fortel Jorunn. – Dei vil også lære å leie og gjennomføre grupper der fokuset ikkje er på sjølve den traumatiske hendinga, men på auka forståing og betre handtering av traumesymptom. Målet er å auke gruppedeltakarane si meistring og livskvalitet i kvardagen.

Kva seier deltakarane?

Oda Marie Hugaas Helland og Ann-Sissel Tresnes frå Krisesenteret i Sogn og Fjordane er nøgde.

– Det har vore veldig bra. Veldig lærerikt. Vi kan ein del om temaet frå før, men vi går meir i dybden i kompetanseprogrammet, seier Oda Marie.

– Ja, og det er veldig systematisert korleis ein skal halde gruppa og leggje det opp, seier Ann-Sissel. For min del er det bra at det er strukturert, for då kan ein enkelt bruke det som ein mal. Det er praktisk nyttbart, samtidig som det er lagt opp slik at ein kan tilpasse det til målgruppa ein har.

Oda Marie er einig.

– Ja, det er veldig gjennomførbart. Vi kan lage ein plan på korleis vi kan gjennomføre gruppene. Vi får tilgang til mange gode tips og triks.

– Eitt av krava er at ein skal starte grupper, seier Ann-Sissel. –  Men vi har også praktisk nytte i arbeidskvardagen av det vi lærer her, i møte med den enkelte.

Denne dagen har Elisabeth Harnes frå RVTS Vest førelest om kultursensitiv tilnærming.

– Dagen har vore veldig nyttig, då vi har fleire som kjem frå ulike land på krisesenteret. – Vi kunne sikkert hatt to heile dagar med ho utanom dette, seier Oda.

Tema i kompetanseprogrammet

  • Generell kunnskap om traumer og traumereaksjonar
  • Kva er traumebehandling?
  • Kven eignar seg for eit slikt gruppetilbod – kartlegging og seleksjon
  • Grupper og gruppeprosessar
  • Psykoedukasjon
  • Verktøy for regulering og mindfulness for traumeutsette
  • Triggarar og handtering av triggarar
  • Traumer og kropp
  • Overføring og motoverføring
  • Korleis ivareta seg sjølv som hjelpar

Organisering og innhald

Programmet går over tre samlingar, kvar på to heile dagar og vil i tillegg til teori innehalde mykje praktisk øving. Når programmet er ferdig vert det eitt år med månadleg rettleiing til dei som har starta gruppe i kommunal regi.

Målgruppe

Tilsette i kommune, krisesenter og NOK-senter som ønskjer å starte grupper for personar over 18 år med traumesymptom. For å delta må ein forplikte seg til å drive grupper for traumeutsette. Det er derfor viktig at det deltek 2-3 frå same arbeidsstad som kan drive grupper saman, eventuelt tenkje interkommunalt samarbeid.

Interessert?

Kontakt Jorunn Helle, jorunn.helle@helse-bergen.no

Last ned brosjyre

Illustrasjonsfoto: Istock.com

– Det er stor pågang til fagopplæring om førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme frå heile Noreg, seier Elisabeth Harnes, prosjektleiar for fagopplæringa og arbeidet med radikalisering og valdeleg ekstremisme ved RVTS Vest.

– Vi ser at stadig fleire kommunar i Noreg satsar på mentorordningar, og sender fagpersonar som er meint å jobbe direkte med mentorering av utsette barn, unge eller vaksne som er i eit radikaliseringsløp eller er del av ekstreme nettverk og grupperingar, seier Elisabeth. – Parallelt er det mange avdelingsleiarar og rådgjevarar, til dømes i NAV og skule, SLT-koordinatorar, tilsette i barnevern, flyktningtenester, konfliktråd, kriminalomsorg, radikaliseringskontaktar i politi samt tilsette i rus og psykisk helse som tar opplæringa.

Ekstremismekommisjonen

– I Ekstremismekommisjonens NOU frå 2024 vert det understreka at godt førebyggande arbeid mot ekstremisme forutset at samfunnet har presis og oppdatert kunnskap om fenomenet, særlege orsaker og kjenneteikn. I tillegg må ulike aktørar i samfunnet ha klare roller og mandat for at det forebyggande arbeidet skal vere målretta og effektivt. Dette er perspektiv som vi bak fagopplæringa deler. Sidan 2015 har vi forsøkt å ivareta dette i den nasjonale fagopplæringa, som også er vist til i same NOU under «Reintegrering og mentorordninger i norske kommuner» (26.4.2), seier Elisabeth.

Opplæring vår 2025

Til våren arrangerer RVTS Vest ny runde med fagopplæring i Bergen. Den tverrfaglege opplæringa går over ni dagar, og skal utruste fagpersonar i 1. og 2. linetenesta med ei haldnings- og handlingskompetanse til å forebygge og jobbe med av-radikalisering, fråkopling og re-integrering.

Opplæringa inneheld forskingsbasert kunnskap om radikaliseringsprosessar, ulike ideologiar og ekstreme miljø, med fokus på islamistisk ekstremisme og høgreekstremisme, som vert rekna som dei største terrortruslane mot Noreg. Sentrale tema inkluderer underliggjande sårbarheiter og risikofaktorar, samt ei nyansert forståing av vald, traumer og psykologisk sårbarheit for ekstremisme.

Deltakarane lærer meir om å bygge alliansar, samtaleteknikkar, kulturkompetanse, demokratisk beredskap, risikovurderingsverktøy og psykososiale verktøy i samanheng med radikalisering og valdeleg ekstremisme. I løpet av opplæringa får dei også innføring i tverretatleg samhandling og lovverk, vert introdusert til kommunale samhandlingsmodellar og bærekraftige diasporaprosjekt. Dei får også møte operative mentorar, tidlegare ekstremistar eller mentee i eit av- radikaliseringsløp.

Implementering

– Det er ei stor styrke når kommunar eller regionar har moglegheit til å sende fleire tilsette på same opplæring. Då kan kompetansen brukast og implementerast meir effektiv etter endt opplæring, til dømes gjennom utvikling av planarbeid og oppretting av kommunale eller interkommunale ressursteam og mentorordningar. Sidan 2015 har vi utdanna kring 700 personar på tvers av tenester frå over 70 kommunar i Noreg, og vi ser fram til å fortsetje denne satsninga, avsluttar Elisabeth Harnes.

Tidspunkt og stad

Fagopplæringa vert arrangert i RVTS Vest sine kurslokaler i Ulriksdal helsepark i Bergen.

  • Samling 1: 12. – 14. februar
  • Samling 2: 26. – 28. februar
  • Samling 3: 18. – 20. Mars

Bilder fra mentoropplæringen i 2024:

Relevant:


14. mai 2025 arrangerer vi webinar om kartleggingsverkøyet PROFESOR.

PROFESOR er eit kartleggingsverktøy til bruk i arbeidet med ungdom og unge vaksne som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handligar.

– På webinaret vert det ei systematisk gjennomgang av bakgrunn og bruk av verktøyet. Det vert lagt tilrette for dialog, seier psykologspesialistane Steinar Hvål og Mette Ekenes Garmannslund. – Vi anbefaler å melde seg på saman med ein kollega. Det er viktig å ha ein person å trene saman med. I løpet av webinaret er det satt av tid til å diskutere med sidemann eller i ei lita gruppe.

Om PROFESOR

PROFESOR er et kartleggingsverktøy og strukturert sjekkliste fagfolk kan bruke for å identifisere beskyttande faktorer og risikofaktorar, for ungdom og unge vaksne (12–25 år) som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handlingar.

PROFESOR er meint brukt ved planlegging av intervensjonar, for å hjelpe den unge til ei betre seksuell og relasjonell helse, og på den måten forebygge tilbakefall av grenseoverskridande seksuell atferd.

Kanadiske Dr. James Worling har utvikla PROFESOR. Verktøyet er omsatt til norsk i samarbeid med Worling, Ressursenheten V27 ved Betanien sjukehus og RVTS Vest. 

Webinaret vil kunne sette deltakaren i stand til å bruke PROFESOR i sitt arbeid. PROFESOR er gratis og fritt tilgjengeleg for bruk og nedlastning.

Førebuing til webinaret

Vi oppmodar om å kikke på skåringssskjema, skåringsassistent og brukarrettleiing, som ligg på www.rvtsvest.no/profesor og ressurssida til James Worling, www.profesor.ca.

Praktisk informasjon:

Dato: 14. mai 2025
Tidspunkt: 09.00 til 15.00
Avgift: Ingen avgift 

Gå til påmeldingsskjema!

Tema:

  • Bakgrunn for utvikling av verktøyet
  • Målgruppe og bruksområde
  • Gjennomgang av beskyttande faktorar og risikofaktorar ved bruk av kasuseksempler
  • Skåring og handtering av resultat frå kartlegginga
  • Vegen vidare

Etter fagdagen vil du:

  • Ha god kjennskap til PROFESOR.
  • Kunne bruke PROFESOR som eit utgreiingsverktøy, kartleggingsverktøy og som sjekkliste.
  • Kunne bruke PROFESOR i planlegging av tiltak, støtte, tryggleiksplanar og behandling.
  • Hjelpe kollegaer og andre til å bruke verktøyet.
  • Kunne bruke PROFESOR som hjelpemiddel i samrådsmøter og rettleiingsmøter.

Målgruppe:

Fagpersonar som har basiskunnskap om barn og unge som har utført grenseoverskridande seksuelle handlingar. Det er ein fordel med erfaring i bruk av kartleggingsverktøy.

Foredragshaldarar:

Psykologspesialist Mette Ekenes Garmannslund
Psykologspesialist Steinar Hvål

23. april 2025 arrangerer vi webinar om grunnleggande kunnskap om sunn, bekymringsfull, grenseoverskridande og skadeleg seksuell atferd (SSA) hos barn og unge.

Kva veit vi om barn og unge med bekymringsfull seksuell atferd? Kva seier forskning og erfaring? Korleis identifisere, vurdere og gi respons på seksualitet som vekker bekymring? Kva gjer du når får ei slik sak på bordet? 

Kunnskapen er nyttig for alle som jobbar med barn og unge. Dagen er også et grunnlag for dei som ynskjer vidare opplæring i kartleggingsverktøy, utgreiingsverktøy og behandlingsverktøy, til dømes Play It Right, PROFESOR og AIM-3.

Tema: 

  • Begrepsavklaringar 
  • Sunn seksualitet/seksuell utvikling 
  • Barn og unge med grenseoverskridande seksuell atferd 
  • Kartleggingsverktøy – med hovedfokus på Trafikklyset 
  • Digital seksuell atferd 
  • Bruk av porno blant barn og unge 
  • Behandling; kven/kva/kor? 
  • Nettressursar 

Målgruppe: 

Alle interesserte fagpersonar (barnevern, helsesjukepleiarar, fastlegar, psykologar, skule, barnehage, BUP, PPT, Statens Barnehus, Konfliktrådet, Kriminalomsorgen, politi mm.) 

Praktisk informasjon: 

Påmeldingslink!!

Dato: 24. april 2025

Tidspunkt: 0900-1500 

Påmeldingsfrist: 22. april 2025

Hva gjør vi når utfordrende atferd truer med å velte læringsmiljøet?

Skal vi møte uro med streng disiplin og bortvisning, eller finnes det bedre måter å skape et trygt og utviklingsfremmende klasserom?

I Fredagsfokus dykker vi ned i spørsmålet: Hvordan kan vi balansere autoritet med forståelse? Med utgangspunkt i praksis fra Kleivane skole i Sandnes, diskuterer vi hva som hjelper elever som strever. Hvordan kan lærere ta tilbake kontrollen på en måte som både regulerer og bygger opp? Vi ser på konkrete verktøy, ny forskning og praktiske strategier, muligheter og begrensninger.

Med oss har vi lektor Miriam Randa Hermansen (Paradis skule i Bergen) og pedagog Sissel Finnesand (Kleivane skole i Sandnes). Beate Gauden og Steinar Hvål fra RVTS Vest er også med i panelet.

Fredagsfokus sendes live på Facebook og www.rvtsvest.no/live/. Se tidligere Fredagsfokus her. Alle Fredagsfokus er også tilgjengelig som podcast på de største plattformene.

Fredagsfokus sendes live på Facebook og www.rvtsvest.no/live/.

Sanne Bach er RVTS Vest sin representant i utviklinga av Simple.

Simple* er ein digital treningsplattform for førebygging av sjølvmord, som gjer opplæringa enkel, engasjerande og effektiv gjennom ferdigheitstrening.

Målgruppa er helsepersonell som arbeider klinisk i psykisk helsevern for vaksne (PHV), psykisk helsevern for barn og unge (PHBU) og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB).

I Simple lærer helsepersonell førebygging av sjølvmord gjennom å løyse problemstillingar dei kan møte i klinikken.

Fleire får trent seg

RVTS Vest er ein av fleire aktørar som har bidrege i Simple, som er utvikla ved Solli DPS. Det er Sanne Bach som er RVTS Vest sin representant i arbeidet. Ho trur det særleg er tre ting som gjer Simple til eit godt verktøy.

For det første er det ressurskrevjande å sende alle medarbeidarar på kurs, så ei digital opplæring er ein måte å nå endå fleire i heleforetaka, seier Sanne. – Det er meir overkommeleg enn å sende folk på kurs i to heile dagar.

Det andre er at ein lærer på ein annan måte når man må vere aktiv og svare på oppgåver, seier ho. – Ein må stoppe opp og reflektere. Simple krev aktiv deltaking – og det lærer man meir av i det lange løp. Det er lagt opp til arbeid og drøfting i team. Ikkje passive forelesningar men refleksjon, drøfting og ferdigheitstrening.

–  For det tredje vil det vere ei kvalitetssikring i form av følgeforsking. Det vert difor gjort endringar undervegs, dersom det trengs, fortel Sanne.

Retningslina for førebygging av sjølvmord

Simple er basert på retningslina for førebygging av sjølvmord i psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) frå 2024. Den stiller store krav til opplæring av helsepersonell.

Hovudbodskapen i retningslina er at det å utforske sjølvmordstankar er ein del av ei heilskapleg og individuelt tilpassa utgreiing, behandling og oppfølging.

– Vi kan ikkje predikere sjølvmord, men vi kan førebygge, seier Sanne. – Ved å jobbe med refleksjon kring caser, kan ein trene på å komme i posisjon til å ha god dialog og til å gjere forebyggande tiltak.

*

Simple står for Solli Individtilpassa Metodikk for Praksisnær Læring og Ekspertise og er utvikla ved Solli DPS, i samarbeid med mellom anna RVTS-ane og dei sjølvmordsførebyggjande nettverka. Simple er basert på nasjonal retningsline for førebygging av sjølvmord frå 2024, og dekkjer alle kompetansemåla.

Simple – treningsplattform for førebygging av sjølvmord

Relevant: