Aktuelt
Snakk om sjølvmordstankar, det kan redde liv
- 21/05/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Folkehelseopplysningskampanjen «Snakk om sjølvmordstankar -det kan redde liv» er i gang i Vestland og Rogaland!
– Vi er glade for å ha med oss fleire kommunar, lag, frivillige organisasjonar og bedrifter i «dugnaden» som ambassadørar for kampanjen, seier Linda Thomassen ved RVTS Vest.
Tett samarbeid i regionen
Helsedirektoratet er eigar av kampanjen, som er planlagd i tett samarbeid med helseføretaka i Helse Vest, regionalt brukarutval, RVTS Vest, Statsforvaltarane i Vestland og Rogaland, Vestland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune og Nasjonalt senter for selvmordsforsking og -forebygging.
Kva er målet med kampanjen?
– Kampanjen skal bidra til å auke bevisstheita i befolkninga om at sjølvmordstankar kan oppstå i periodar i livet, og at det kan vere lurt å snakke om det som er vanskeleg, fortel Linda. – Samtidig går det ut eit opplæringstilbod om sjølvmordsførebygging til tilsette i kommunar, helseføretak, fastlegar og frivillige. Landingsside for kampanjen er helsenorge.no/selvmordstanker. Her finnast råd om korleis snakke om sjølvmordstankar, samt informasjon om kor ein kan få hjelp.
Vil nå menn
– Kampanjen skal nå heile den vaksne befolkninga, fortel Linda. – Men undersøkingar viser at menn kan vere vanskelege å nå, og dei kan vegre seg for å spørje om hjelp. – Difor er kampanjen særleg retta mot menn mellom 40-60 år, kor det også er høgast tal sjølvmord. Både dei som er risikoutsett, men og nettverket rundt er viktig å nå.
Høyr intervju med Linda Thomassen i NRK Sogn og Fjordan om kampanjen.
Korleis vil kampanjen vere synleg i regionen?
– Helsedirektoratet skal annonsere kampanjen på TV, i sosiale media, samt i nett- og papiraviser, fortel Linda.
– Ved RVTS Vest skal vi i kampanjeperioden snakke med ulike menn, om kva dei gjer i periodar kor livet er vanskeleg. Sidan vi veit at mange menn ikkje snakkar så mykje om korleis dei har det, så har vi lyst til å snakke med nettopp menn, for å høyre kva meistringsstrategiar dei har, når livet går trått. Dette vil vi dele som korte filmsnuttar i våre sosiale medium, seier Linda.
– Den 31. mai arrangerer vi Forebyggingsforum i Bergen. Då skal vi ha stand om kampanjen, og kan snakke med folk som vil vite meir. – Elles så skal vi «tapetsere» nettsida vår og sosiale medium med slagord og bilete frå kampanjen.
– I tillegg har vi alle våre gode ambassadørar som vil gjere sitt for å skape merksemd rundt kampanjen, seier Linda.
Kva kan ein som privatperson gjere?
– Vi oppmodar deg som privatperson til å dele det viktige bodskapet i sosiale medium og i andre kanalar. Følg med på Helsedirektoratet, RVTS Vest, kommunen din, frivillige organisasjonar eller andre sine sosiale medium, og del vidare, oppmodar Linda. – Kanskje er det ein av dine Facebook-vener som ser bodskapet, tek steget og spør kompisen hen er bekymra for!
Vil di teneste/ organisasjon/ bedrift ha opplæring i sjølvmordsførebygging?
Kontakt Linda Thomassen, linda.thomassen@helse-bergen.no.
Vil di teneste/ organisasjon/ bedrift vere ambassadør for kampanjen?
Kontakt Sylvia Haukanes, sylvia.haukanes@helse-bergen.no – og du vil få tilsendt kampanjemateriell, tips og råd.
Relevante Fredagsfokus:
Fredagsfokus er 45 minutt sending med relevante saker knytt til RVTS Vest sine temaområde.
Selvmordstanker. Snakker menn om det?
Rådebank. Tøffe gutter gråter ikke. Eller?