Aktuelt
To tema vi må snakke meir om: Kvinner som utøver overgrep og seksualitet hos barn og unge
- 19/11/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Nyleg hadde vi fagdag for konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep, kor konsultasjonsteama sjølv sto for gjennomføring og innhald.
Dagen var innleia av NOK.-senteret i Bergen som satt søkelyset på kvinners seksualitet og kvinner som gjer seksuelle overgrep.
– Seksualitet og seksuelle overgrep er fortsatt eit kulturelt tabu og vi på Nok.-sentra legg vekt på å snakke om den sunne, gode seksualiteten, også når vi snakkar om seksuelle overgrep, seier Bettina Walde-Tumyr: – Tabu og skam er den som gjer seksuelle overgrep sin beste venn, fordi det utvider og bevarar hemmelighetsrommet. Samfunnets syn på menn og kvinners seksualitet verkar inn på korleis vi tenker og snakkar om seksualitet og seksuelle overgrep.
Kvinner begår også overgrep mot barn
– Vi veit at kvinner begår seksuelle overgrep mot barn, sjølv om vi sjeldan høyrer om det. Det er viktig at vi i hjelpeapparatet er bevisst dette, vågar å snakke om det og ikkje er med på å bere tabuet vidare. Mange som er utsett for seksuelle overgrep av ei kvinne, kan oppleve manglande gyldiggjering i møte med hjelpeapparatet.
Med meir kunnskap, følger og eit større ansvar. Jo meir vi les og lærer om kvinner som utøvarar, jo meir innser vi at vi treng å kunne meir. Både for at vi skal kunne oppdage det, for at vi skal kunne møte dei utsette på ein god måte, samt kunne gi eit godt behandlingstilbod til kvinner som har utøvd seksuelle overgrep
Sophie Hysing-Dahl Døsvik.
Det er trygt å anta at det er store mørketal kring kvinner som utøver seksuelle overgrep. Difor er det avgjerande at temaet vert satt på dagsorden slik at både dei som er utsett og dei som er utøvarar får hjelp.
Seksualitet hos barn og unge
Cathrine Eide fra Barnehuset i Bergen snakka om barn, unge og seksualitet. Kva er trendane og endrar terskelen for uro seg i takt med trendane? Eide er opptatt av at normal seksualitet er relativt, det er meir nyttig å snakke om sunn seksualitet.
– Barn og unge opppgir sjølv at dei lærer om sex frå sosiale medier, vener og porno. Det gjer det særs viktig at vi snakkar med barn og unge, både om seksualitet, kropp og grenser. Ikkje minst må vi tørre å snakke med barn og unge om porno; porno er her og barn og unge ser porno. Vi må difor også snakke med dei om korleis porno ikkje er ei framstilling av naturleg og “vanlig” seksualitet. Unge sjølv etterspør meir informasjon og kunnskap om seksualitet frå skulen. Det er vårt ansvar å snakke med barn og unge om seksualitet, både for å bidra til ei sunn seksuell utvikling og legge til rette for at barn og unge kan snakke om seksuelle overgrep, seirer Cathrine Eide.
Vil du vite meir om konsultasjonsteam om vald og seksuelle overgrep? Meld deg på jubileumskonferansen eller ta kontakt med Mette E. Garmannslund eller Linda R. Kvalvik.