Aktuelt
Radikalisering mot valdeleg ekstremisme under koronapandemien
- 09/03/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Hatprat Korona Psykisk helse Radikalisering risikovurdering Utenforskap Voldelig ekstremisme
Foto: Finn Heraghty / Unsplash
I PST sin nasjonale trugselvurdering (2021) vert det påpeikt at koronapandemien skapar større usikkerheit i samfunnet; auka arbeidsledighet, samt stor frykt og usikkerheit knytt til fremtida pregar både Noreg, mange land i Europa og verda for øvrig.
Strenge tiltak skapar frustrasjon, og man fryktar at isolasjonen som følger av Covid-19 kan skape ideelle forhold for radikalisering og rekruttering til ekstreme miljø. Kronisk frykt og usikkerheit verkar også inn på mennesker si sjølvkjensle. Under kriser er det mange som kjenner seg usikre, overflødige og framandgjort. Vedvarande stressbelastningar fargar også synet på og evna til å stole på andre menneske: fiendebilder oppstår og nyansar forsvinn; framande, marginaliserte og annleistenkande vert tillagt negative eigenskapar og får skulda for ulike samfunnsproblem (Harnes og Lundesgaard, DER, 2020).
Med store delar av samfunnet stengt, portforbod og generelle oppfordringar om å halde oss heime, tilbringer svært mange menneske livet heilt eller delvis isolert heime foran pc’en. Her kan einsame personar lett finne likesinna og tilhøyre i ekstreme nettverk som tilbyr fellesskap, sanningar og muligheiter til å finne ei rolle og meining med livet.
Mentornettverkssamling
Sidan 2016 har RVTS Vest arrangert mentoropplæring om radikalisering mot valdeleg ekstremisme, og det er utdanna over 200 mentorar frå heile Noreg. Vi arrangerer nettverkssamlingar for mentorane 1 – 2 gongar i semesteret, og denne gongen er tema for samlinga radikalisering mot valdelig ekstremisme under koronapandemien. Det er fokus på korleis vi kan forebygge og avdekke under pandemien. Kva er våre erfaringar lokalt, nasjonalt og globalt? På samlinga vert det eit særskilt fokus på sårbarheitsfaktorar og radikaliseringsprosessar under covid-19 og ”radikalisering i digitale subkulturar”: om skjermmediert tilhøyre, propaganda og spillifisert vald. Utover innlegg blir det satt av tid til Q&A, grupperefleksjonar og erfaringsutveksling på tvers av tenester og kommunar. Forelesarar er frå PST (Politiets sikkerhetstjeneste), samt Dr. Cathrine Thorleifsson, forskar ved Senter for ekstremismeforskning og Elisabeth Harnes, spesialkonsulent i tvungen migrasjon og flyktninghelse og koordinator for RVTS Vest sitt arbeid om radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Målgruppe for mentornettverkssamlinga er mentorar med bakgrunn frå RVTS Vest si mentoropplæring om radikalisering mot valdeleg ekstremisme, samt regionale samarbeidspartnarar på fagfeltet.
Er du interessert i RVTS Vest sitt arbeid med forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme? Kontakt koordinator Elisabeth Harnes.