Aktuelt
26. juni er den internasjonale dagen til støtte for torturoverlevarar
- 26/06/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt tortur torturoverlevarar Traume
Fleire fastlegar i region vest opplever å ha få samarbeidspartnarar og lite kompetanse når det gjeld behandling av torturoverlevarar
Flyktningar som kjem til Noreg, kan bere med seg mange ulike utfordrande helseproblem.
Rolf Vårdal, fysioterapeut og spesialkonsulent i fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon, har i samarbeid med fylkeslegane i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane gjennomført ei kartlegging av fastlegar si oppleving av enkelte sider ved arbeidet med torturoverlevarar.
Kva viste denne undersøkinga?
Vi har fått 54 svar. Basert på dette utvalet kan vi mellom anna slå fast at fastlegane opplever å ha få lokale samarbeidspartnarar med kompetanse på feltet, berre 5 av 54 har svart at det fins nokon å samarbeide med. Når det gjeld eigen kompetanse på feltet er det kun 1 som meiner å inneha kompetanse på nivå 4-5 av ein skala frå 1-5 der 5 er høgast. Resten skårar lågare.
Korleis kan det jobbast for å styrke tilbodet til torturoverlevarar? Kva er RVTS Vest si rolle i dette arbeidet?
Dette er spørsmål vi vil jobbe med vidare framover med tanke på å spreie kunnskap og gi adekvat og kunnskapsbasert behandling til menneske med slike opplevingar.
Som eit steg i dette vil det bli arrangert ein konferanse i Trondheim 23. oktober 2014, med temaet tortur; «Frå offer til overlevar». Konferansen er eit samarbeid mellom alle RVTS’ane.
Last ned invitasjon
[wpfilebase tag=file id=177 tpl=simple /] Meir informasjon og påmelding vil komme på www.rvtsmidt.no etter sommaren.