Aktuelt
12. – 13.03.25: Førstehjelp ved sjølvmordsfare
- 24/10/2024
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Kurskalender
12. – 13. mars 2025 arrangerer vi VIVAT-kurset Førstehjelp ved sjølvmordsfare.
Sjølvmord er eit komplekst samfunnsproblem. Kurset gir kompetanse til å oppdage signal på sjølvmordstankar og gi førstehjelp ved sjølvmordsfare.
Målgruppe:
Kurset passar for deg som til dømes arbeider i helse- og sosialsektoren, undervisningssektoren, politiet, brann- og redningstenesta, forsvaret, eit trussamfunn. Kurset er også relevant for deg som engasjerer deg i frivillig arbeid eller ønskjer å lære å gi førstehjelp ved sjølvmordsfare. Aldersgrense 18 år.
Kursinnhald:
Du får moglegheit til å bli meir bevisst på dine eigne haldningar til sjølvmord. Kursleiarane gjennomgår kunnskap om sjølvmordsåtferd og viser ein modell for intervensjon ved sjølvmordsfare. Vi øver på å bruke modellen.
Du lærer å:
- oppdage menneske som har det vanskeleg og kan vere i sjølvmordsfare
- stille direkte spørsmål om sjølvmordstankar
- hjelpe personen i sjølvmordsfare til å snakke om det som er vanskeleg
- arbeide med usikkerheit om å leve eller døy
- lage og setje i verk ein plan med vedkomande, der målet er å berge liv
- bruke hjelparressursar i lokalsamfunnet
Kurset bruker ulike læringsmetodar som førelesing, film, diskusjon, erfaringsutveksling, praktiske øvingar og arbeid i grupper. Kurset er prosessorientert og har ei fagleg og pedagogisk oppbygging som krev full deltaking begge kursdagane.
Dato:
12. – 13. mars 2025
Stad:
Thon Hotel Partner Jølster
Pris:
1500,-
Forelesarar:
Kurset er godkjent av følgjande fagforeiningar:
- Den norske legeforeining: Emnekurs/klinisk emnekurs i psykiatri til vidare- og etterutdanning i allmennmedisin (16 poeng). Valfritt kurs under spesialisering og for spesialistane si etterutdanning i samfunnsmedisin (14 timar).
- Fagforbundet: Tellande til klinisk fagstige for hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar (14 timar).
- Norsk Ergoterapeutforbund: Spesialistspesifikt kurs, meritterande til ergoterapeutspesialist i allmennhelse og mental helse (12 timar).
- Norsk Psykologforening: Fritt spesialkurs (14 timar) og vedlikehaldskurs (14 timar).
- Norsk Sjukepleiarforbund: Merittering for godkjenning til klinisk spesialist i sjukepleie/spesialsjukepleie (14 timar).
- Norsk Gestaltterapeut Forening: 12 timar profesjonell fagleg oppdatering i kategori D2.