Aktuelt
11.05.22: Stille vann – menn og sjølvmord
- 01/03/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Arkiv
I samarbeid med RKBU Vest og LEVE Hordaland arrangerer vi konferansen “Stille vann – menn og selvmord” den 11. mai i Bergen.
Heile 2 av 3 av dei som gjer sjølvmord i Noreg er menn. Dette krev eit ekstra fokus og innsats retta mot denne gruppa. På konferansen kjem det forelesarar som sjølv er etterlatne etter sjølvmord, som har hatt sjølvmordstankar eller som jobbar med å hjelpe menneske som sliter med sjølvmordstankar.
Konferansier er Ingvild H. Kjørrefjord. Ingvild har sidan ho mista bror sin Kjetil i 2013, engasjert seg i sjøvmordsforebygging. Ho er nestleiar i Landsstyret i LEVE og jobbar til dagleg som leiar for innovasjon i StormGeo.
Forelesarar:
Jan Bulukin:
Jan Bulukin er utdanna sivilingeniør, men er i dag pensjonist. Han er gift, 67 år gammal, og har ein gjenlevande son. Den eldste sonen gjekk bort sommaren 2018 i ein alder av 23 år. Jan vil dele sine personlege betraktningar om sjølvmord, samt fortelje om sine erfaringar frå deltaking i Leve Oslo sitt Pappanettverk som han har vore del av sidan 2018.
Greta Gramstad, (leiar Kirkens SOS Bjørgvin) og Karl Dag Bærug (nestleiar Kirkens SOS Bjørgvin):
Begge har jobba med sjølvmordsforebygging i Kirkens SOS’ døgnåpne krisetjeneste i henholdsvis 38 og 26 år. Som Noregs største kriseteneste svarar dei nærmare 500 samtalar kvart døgn på telefon, chat og sos-melding. Nær halvparten av telefonsamtalane er frå menn. Greta og Karl Dag vil snakke om kva dei møter i desse samtalane, og kva dei gjer for å skape gode samtalar om livskriser og sjølvmordstankar.
Johannes Langhelle:
Johannes er utdanna politi, jobbar som aktivitør på Blå Kors dagsenter. Han vil fortelje si historie som typisk vellykka ung mann som hadde alt, utanom god psykisk helse.
Sigurd Furstenberg Tillisch og Rolf Erik Scott
Sigurd er sjukepleiar og Rolf er antropolog og politikar. Begge er tilknytta Foreningen Menn i skjul. På konferansen skal dei fortelje om “Verksted og sofagruppe”. Ein kortreist, analog tilnærming til mannehelse og relasjonsbygging. Innhald og ringvirkningar.
Melde deg på?
- Stad: Radisson SAS Bryggen / digital deltagelse
- 590,-
- Påmeldingsfrist: 27. april