Aktuelt
Webinar: Samtalar med barn og unge om vald og overgrep
- 04/11/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Barn barnesamtalen omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Traume Unge Utviklingstraumer Vold Vold i nære relasjoner
Foto: Johnny Cohen / Unsplash
Fylkesmannen i Vestland og RVTS Vest arrangerer eit webinar kor tema er samtalar med barn og unge om vald og overgrep.
På webinaret vert det undervist om korleis ein kan legge til rette for gode samtalar med barn og unge. Det vert i tillegg presentasjon av verktøya Snakke sammen og Jeg vet. Siste del av webinaret er via til øving og refleksjon.
Program:
08:30 – 09:00: Oppkopling og eventuell registrering av deltakarar
09:00 – 09:10: Velkomen og innleiing, fylkeslege Helga Arianson, Fylkesmannen i Vestland
09:10 – 10:10: Å legge til rette for gode samtalar med barn og unge, RVTS Vest
10:10 – 10:20: Pause
10:20 – 10:50: Presentasjon av verktøya «Snakke sammen» og «Jeg vet», RVTS Vest
10:50 – 11:50: E-læring og øving – bruke «Snakke sammen», eventuelt øve i gruppe (inkludert pause)
11:50 – 12:30: Oppsummering og refleksjon, RVTS Vest
Frå Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest) vil spesialkonsulent/barnevernspedagog Linda Kvalvik, psykologspesialist Steinar Hvål og psykologspesialist Cathrine Eide bidra.
Førebuing til webinaret
Vi vil i løpet av dagen jobbe med nettressursen Snakke sammen. For eit best mogleg utbytte, oppfordrar vi alle til å registrere seg, og øve på samtalar med barn på nettsida. Sjå forøvrig filmen Snakke sammen – hvordan opprette brukerprofil.
Vi ønsker også at de gjer dykk kjent med nettressursen jegvet.no.
Det er ikkje naudsynt at alle har eigen PC eller nettbrett til kurset, fleire (i same kohort) kan sitte saman.
Praktisk
Dato: 15. desember Påmeldingsfrist: 1. desember (webinaret kan bli fullteikna før den tid) Avgift: Gratis Antall deltakarar: 280
Når webinaret er fullteikna, vert det lagt ut ei venteliste – i tilfelle det kjem avmeldingar.
Tid: 08.30-12.30
Arrangørar: RVTS Vest og Fylkesmannen i Vestland
Målgruppe: Tilsette i kommunane i Vestland som jobbar med barn og unge.
Påmeldingsliste og venteliste er fullteikna. 24. februar vert det satt opp webinar med same tema. Følg med på vår nettside og Facebook – her vert påmelding annonsert når den er klar.
Sted: Teams. Teams-lenke til arrangementet vert sendt ut på e-post, etter påmeldingsfristen. Sjekk difor at du skriv inn riktig e-postadresse i påmeldingsskjema! Dersom ein arbeidsplass planlegg å følgje webinaret saman, så treng berre ein av deltakarane å melde seg på. Skriv antall deltakarar i kommentarfeltet.
NB: Dette arrangementet er berre ope for deltakarar frå Vestland. Melder du deg på frå andres stader, vert du avmeldt.