Aktuelt
Webinar: Kartleggingsverktøyet PROFESOR
- 20/04/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Barn Førebygging Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Skadelig seksuell atferd
PROFESOR er eit kartleggingsverktøy til bruk i arbeidet med ungdom og unge vaksne som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handligar.
I februar gjennomførte vi årets første fagdag om kartleggingsverktøyet PROFESOR. Dagen vart raskt fullteikna og mange fekk ikkje muligheit til å delta.
– Det er derfor gledelig å meddele at vi set opp ny fagdag om verktøyet. Dagen vert gjennomført på Teams, kor vi systematisk går gjennom bakgrunn og bruk av verktøyet. Det vert lagt tilrette for dialog i chat, seier kurshaldarane Steinar Hvål og Cathrine Eide.
Om PROFESOR
PROFESOR står for «Protective + Risk Observations For Eliminating Sexual Offense Recidivism» , og kan omsetjast til observasjon av beskyttande faktorar og risikofaktorar for å forebygge tilbakefall av grenseoverskridande seksuell atferd.
PROFESOR er ei strukturert sjekkliste fagfolk kan bruke for å identifisere og oppsummere beskyttande faktorer og risikofaktorar for ungdom og unge vaksne (12–25 år) som har utøvd grenseoverskridande seksuelle handlingar.
PROFESOR er meint brukt ved planlegging av intervensjonar for å hjelpe den unge til ei betre seksuell og relasjonell helse, og på den måten forebygge tilbakefall av grenseoverskridande seksuell atferd.
Kanadiske Dr. James Worling har utvikla PROFESOR. Verktøyet er omsatt til norsk i samarbeid med Worling, V27 og RVTS Vest. Worling er ein leiande forskar og klinikar innan fagfeltet, og har blant anna utvikla risikovurderingsverktøyet ERASOR.
PROFESOR er gratis og fritt tilgjengeleg for bruk og nedlastning. Webinaret vil sette deltakaren i stand til å bruke PROFESOR i sitt arbeid.
Førebuing til webinaret
Vi oppmodar om å kikke på skåringssskjema, skåringsassistent og brukarrettleiing, som ligg på www.rvtsvest.no/profesor og ressurssida til James Worling, www.profesor.ca.
Vidare anbefaler vi å lytte gjennom podcasten med Steinar Hvål og Øystein Grov, kor dei diskuterer omsetjingsarbeidet, bruksområder for verktøyet og om fagfeltet generelt. Christian Lunde-Hanssen (RVTS Øst) og Steinar Hvål har tidligere laga eit frokostwebinar, kor tema er PROFESOR og verktøyet Play it Right.
Tema:
- Bakgrunn for utvikling av verktøyet
- Målgruppe og bruksområde
- Gjennomgang av beskyttande faktorar og risikofaktorar ved bruk av kasuseksempler
- Skåring og handtering av resultat fra kartleggingen
- Veien vidare
Etter fagdagen vil du:
- Ha god kjennskap til PROFESOR.
- Bruke PROFESOR som eit utgreiingsverktøy, kartleggingsverktøy og som sjekkliste.
- Bruke PROFESOR i planlegging av tiltak, støtte, tryggleiksplanar og behandling.
- Hjelpe kollegaer og andre til å bruke verktøyet.
- Bruke PROFESOR som hjelpemiddel i samrådsmøter og rettleiingsmøter.
Målgruppe:
Fagpersonar som har basiskunnskap om barn og unge som har utført grenseoverskridande seksuelle handlingar. Basiskunnskapar vil man kunne få ved å delta på webinaret 26. mai. Det er ein fordel med erfaring i bruk av kartleggingsverktøy.
Foredragshaldarar:
Psykologspesialist Cathrine Eide
Psykologspesialist Steinar Hvål
Praktisk informasjon:
Dato: 2. juni 2021
Tidspunkt: 09.00 til 15.00
Dei første 200 kan delta på webinaret gratis. Etter dette er prisen 200,- per person.