Aktuelt
Vil styrkje kompetansen på å snakke med barn
- 19/02/2014
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt

Gjesdal kommune ønskja ei kompetanseheving på samtalar med barn
Våren 2013 vart det satt ned ei arbeidsgruppe som har planlagt kompetansehevinga i samarbeid med fagteam vald og seksuelle overgrep ved RVTS Vest.

14. februar hadde dei den første undervisningsdagen, som var ein generell dag om samtalar med barn; Kva gjer det vanskeleg å snakke med barn, kva gjer det vanskelig for barn å snakke med vaksne, kva spørsmål opnar og stenger?
Arbeidsgruppa består av Hege Bjerg, Miriam S. Haaland, Torill Idland, Anne S. Hammerø og Monica J. Bjerkreim, og dei har klare mål om korleis dei vil at kompetansehevinga skal vere:
– Målet med kompetansehevinga er auka kompetanse på samtalar med barn, fagleg påfyll, konkret metodikk til bruk i kvardagen og større fokus på å få fram barna i samtalar. Heilskapleg tenking og betre kjennskap til kvarandre skal vektleggast i kompetansehevinga. Samlingar og treffpunkt skal inkludere aktivitet frå deltakarane og bruk av case og aktuelle utfordringar som alle kjenner seg igjen i. Det vert lagt opp til open dialog og innspel undervegs. Det gjes eksempel frå samtalar med barn på ulike alderstrinn.
Det vert lagt opp til refleksjon over eiga rolle i møte med barn og unge: Kva syn har vi på barn, kva haldningar og verdiar ligg til grunn for arbeidet vårt? Vi skal utfordast og våge å peike på oss sjølve, seier dei.
Vi spurte Monica J. Bjerkreim, oppvekstkoordinator i Gjesdal kommune og leiar for arbeidsgruppa, om hennar oppleving av den første undervisningsdagen.
– Tilbakemeldingane frå deltakarane er særs gode. Det vert trekt fram at dette er nyttig og relevant i kvardagen. Føredragshaldarane vert beskrevne som engasjerte, dyktige, levande og motiverande. Dei gav mange gode eksempel, konkrete råd og metodar som knyttar teori og praksis saman og gjer det forståeleg. Deltakarane er særs nøgde med at dette er eit tverrfagleg opplegg, med rom for å bli betre kjent med andre som jobbar med barn og unge i kommunen. Flott med dialog mellom deltakarar og praktiske øvingar.
Deltakarar i kompetansehevingsprogrammet er tilsette ved helsestasjon, oppvekstteam, barnevern, delar av psykisk helse og rusvern, konsultasjonsteam, ppt, sosiallærarar og miljøterapeutar i skulane.