Aktuelt
Vil du lære meir om korleis du kan møte vaksne som strevar med sjølvmordstankar?
- 02/05/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar Sjølvskading Traume
Illustrasjonsfoto hentet fra Unsplash.com
Kommunens helse- og omsorgstenester skal førebygge, avdekke, avverje og følge opp sjølvskading og sjølvmordsforsøk. RVTS Vest og Statsforvaltarane i Rogaland og Vestland inviterer til digital fagdag om dette viktige temaet.
Program:
09.00 – 09.25: Korleis kan ein førebygge sjølvmord og sjølvskading? Åse og Gudrun
09.30 – 09.55: Kva gjer ein dersom ein er bekymra? Åse og Gudrun
10.00 – 10.25: Kva gjer ein dersom ein er bekymra? Forts.Åse og Gudrun
10:30 – 10.55: Korleis lage og bruke kriseplanar i arbeid med sjølvmordsnære brukarar? Helene Trønnes
11.00 – 11.25: Selv om solen skinner, Målfrid J. Frahm Jensen
Om føredragshaldarane:
Åse Mattson, psykolog – RVTS Vest
Gudrun Austad, psykiatrisk sjukepleiar – RVTS Vest
Helene Trønnes, psykologspesialist og seksjonsleiar – Kronstad DPS
Målfrid J. Frahm Jensen, hjelpepleier/erfaringskonsulent
I etterkant av fagdagen vil vi gje ut refleksjonsoppgåver som de kan nytte på eigen arbeidsplass for å drøfte ulike problemstillingar knytt til oppfølging av sjølvmordsproblematikk. Vi oppmodar fleire tilsette frå same arbeidsplass om å følgje den digitale fagdagen saman, og å setje av tid til å drøfte dette i etterkant av samlinga.
Arrangementet er gratis.
Påmeldingsfrist: 25.mai 2021, kl. 12.00.
Dato: 28. mai 2021 09:00 – 11:30
Stad: Teams, lenke blir tilsendt
Arrangør: RVTS Vest, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe: Tilsette i kommune som jobbar med vaksne
Relevant:
Sjå folkeopplysningskampanjen “Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv”.
Trygg på å snakke om sjølvmordstankar (udervisningsfilm)
Livet på timeplanen (nettressurs)
Selvskading og selvmord – veiledende materiell for kommunene om forebygging
Kommunal handlingsplan mot selvmord og selvskading – en hjelp til kommuner i utarbeiding av planen