Aktuelt
Vil du bli gruppeleiar for kreative samtalegrupper?
- 28/08/2017
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Enslig mindreårige Flyktninghelse Kultursensitiv Psykisk helse
Arbeider du med ungdommar som har flykta til Noreg? Ynskjer du å få fleire «verktøy i kassen» og lære korleis drive grupper for flyktningungdommar?
May-Irene Wergeland er spesialkonsulent ved RVTS Vest, og ansvarleg for eit todagars-kurs for dei som jobbar med ungdommar som har flykta til Noreg.
– Vi inviterer til eit todagars-kurs i kreative samtalegrupper for ungdommar i asylsøkjar- og busetjingsfasen, ein særs krevjande og ustabil fase for mange, seier May-Irene.
– «Kreative samtalegrupper» er ein godt utprøvd metodikk som er utvikla over mange år, og er særskilt tilpassa målgruppa. Målsetjinga er å styrke ungdommane si eiga motstandskraft, førebyggje psykiske helseplager og bearbeide traumatiske livserfaringar.
– Det er Kjell Ole Myrvoll som skal undervise på kurset. Han er undervisar, foredragshaldar, forfattar og mangeårig leiar for flyktningeteamet ved BUP Sjøvegan i Troms. Myrvoll og kollegaer har omfattande erfaring i arbeid med barn og unge med flyktningebakgrunn, og har saman utvikla og tilpassa denne godt utprøvde metodikken særskilt for asylsøkjarar eller flyktningar.
– Vi ynskjer å invitere dei som arbeider med flyktningeungdommar til å finne samarbeidspartnarar lokalt, slik at 2-3 vaksne tek dette kurset saman, og i etterkant gjennomfører samtalegrupper lokalt. Minst ein av dei lokale kursleiarane bør vere helsearbeidar, helst behandlar i BUP. I tillegg er ofte helsesøster, fagansvarleg ved mottak, flyktningekonsulent, lærarar eller andre med som gruppeleiarar.
Du kan lese meir og melde deg på kurset i kurskalenderen. Kurset vert arrangert i Bergen (31.10-01.11), Stavanger (02.11-03.11) og Skei (05.12-06.12).