Aktuelt
Viktig å ikkje gløyme dei eldre no
- 01/04/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Korona Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar
Foto: Micheile Henderson, Unsplash
Gudrun Austad og Annie Norevik er bekymra for eldre si psykiske helse, særleg under pandemien.
Einsemd er ein psykososial risikofaktor for sjølvmord, skriv Gudrun og Annie i ein kronikk i Bergens Tidende. I «Handlingsplan for forebygging av selvmord og selvskading» er eitt av tiltaka som vert gjort framlegg om, spesielt retta mot eldre: Det er støtte til å utvikle aktivitetar og tiltak for å forebygge einsemd, passivitet og sosial tilbaketrekning blant eldre.
I denne tida, med stengte dagtilbod og andre tenester for eldre, er det særleg utfordrande å forebygge einsemd. Pårørande har fått eit større ansvar for å ta vare på sine eldre familiemedlemmar enn før. Mange eldre kjenner seg som ei byrde for sine pårørande og for samfunnet.
Les kronikken Mange eldre føler seg som en byrde (Bergens Tidende).
Vi har laga ei samleside med informasjon og råd når det gjeld eldre under pandemien, som vi håper kan vere til inspirasjon og nytte.