Aktuelt

Kva er nytt med dei nye nettsidene?
– Det meste av tekst og bilete er nytt, vi har hatt som mål at bodskapen skal vere tydeleg og tiltalande. Det er også blitt lettare å finne fram til det ein søker. Du kan manøvrere deg gjennom sidene ut frå kva oppgåver du sjølv har eller kva tema du leiter etter. Dei som besøker nettstaden vår skal raskt kunne sjå kva vi gjer og kva vi kan gjere for dei som bur i våre tre vestlandsfylker.
– I tillegg til ny innpakning er dei nye nettsidene tydelegare integrert med dei sosiale kanalane vi nyttar. Vi ønskjer at brukarane av nettsidene våre skal sjå ei heilhet i det vi legg ut. Dersom ein følgjer oss på facebook eller twitter vil ein få same informasjon som ein får på nettsida – og litt meir – direkte på sin eigen facebook- eller twitter-vegg. Samstundes kan dei som ikkje nyttar sosiale kanalar sjå kva vi publiserer der, då det ligg lenker til våre profilar på facebook og twitter lett tilgjengeleg på nettsidene og open for alle.
– Vi skal ha hyppigare oppdateringar av det vi driv med; våre eigne prosjekt, samarbeidsprosjekt, kurs og konferansar. Dette for å vise arbeidet vårt på ein anna måte enn tunge prosjektbeskrivingar, samarbeidsavtalar, eller kursbeskrivingar etc., sjølv om vi skal ha det også. Vi har dyktige og travle medarbeidarar her ved senteret som jobbar og reiser mykje i regionen. Dei møter fagfolk på ulike nivå i hjelpeapparatet, og vi vil løfte fram det gode arbeidet som vert gjort i regionen kring temaområda våre.
– Vi vil påpeike at nettsidene er under utvikling, og at vi ikkje har fått på plass alt stoff enno. Likevel vel vi å publiserer no, då det er viktig å finne ut korleis sidene fungerer i bruk. Dei beste til å gje oss attendemelding på dette, er nettopp brukarane, så tek vi det vidare derfrå. Vi oppmodar derfor folk til å komme med attendemeldingar – vi blir glade for alt konstruktivt!
– Vi skal også jobbe med å lage nyheitsbrev, og legge til rette for at folk kan melde seg på dette via nettsidene.
Kva ønskjer de med dei nye nettsidene?
– Vi ønskjer at nettsidene og dei sosiale kanalane blir arenaer der fagfolk kan halde seg oppdaterte på våre tilbod, og at dei kan gjere dette på ein enklast mogeleg måte, t.d. ved å melde seg på nyheitsbrev eller følgje oss i sosiale kanalar. Vi får stadig førespurnader frå fagfolk som ønskjer å stå på våre epostlister. Ved å følgje oss via nettsidene (nyheitsbrev/sosiale kanalar), gjer vi det lettare både for våre brukarar og for oss sjølve, ved at informasjonsflyten går automatisk.