Aktuelt
Verdifullt å vere tett på tenestene
- 28/05/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Barn omsorgssvikt Psykisk helse Traume Unge
F.v: Dag Ø. Nordanger og Espen R. Johansson.
Dag Nordanger ved RVTS Vest er ein av medlemmene i det nye «Barnevernutvalet», som skal jobbe for å betre kvalitet og rettstryggleik i barnevernet. – Ein representerer ikkje først og fremst seg sjølv i slikt arbeid, seier han.
Det er regjeringa, ved Barne- og familiedirektoratet som har satt ned ekspertutvalet.
Tett på tenestene
Barnevernutvalet skal vurdere rettstryggleiken i ulike fasar i arbeidet til barnevernet, og korleis barnevernet kan sørgje for betre kvalitet og rettstryggleik i dei mest alvorlege og samansette sakene, står det i pressemeldinga frå regjeringa den 19. mars. Utvalet skal også vurdere korleis tilbodet til dei barna som treng mest oppfølging, bør innrettast.
– Mange tenkjer at kompetansen til det enkelte utvalsmedlem er det avgjerande. Men slikt utvalsarbeid handlar vel så mykje om å hente inn og systematisere erfaringar frå tenestene og deira brukarar, seier Nordanger. Tilgangen ein har til dette erfaringsgrunnlaget er nok det aller viktigaste, ein representerer ikkje først og fremst seg sjølv. For meg som sit i eit slikt utval, er det derfor ei stor tryggheit å ha forankring i eit miljø som RVTS Vest. – RVTS Vest har brei kontaktflate ut mot tenesteapparatet og fleire tilsette som har jobba svært mange år i barnevernet. Det er i tenestene og i brukargruppene ein kjenner på kroppen kva utfordringane og kompetansebehova er.
– Det er bra for senteret at vi er nært på denne typen utviklingsarbeid, seier Espen Rutle Johansson, senterleiar ved RVTS Vest. – Vi har fleire folk ved senteret som er med i sentrale utval. Vi blir meir bevisst som senter, og meir «på ballen» når det gjeld kva som rører seg i dei ulike tenestene.
– Det har til no vore eit ganske einsidig fokus på kompetansen til dei tilsette i barnevernet, kor fag og fagutvikling har stått sentralt. Det har vore mindre fokus på systemkompetanse og kapasitet – noko som er vesentlege faktorar i barnevernsarbeid, seier Johansson. – Så det å bidra til å sikre rettstryggleik for alle involverte; barna, foreldra og til dels også dei tilsette i barnevernet, er viktig.
Stor oppgåve
Nordanger seier i eit intervju med Psykologisk.no, at utvalet har ei stor oppgåve framfor seg, særleg sett i lys av debattane kring barnevernet og dommane i Menneskerettsdomstolen. Han tenker at det er viktig å vidareføre læringa frå Barnevoldsutvalet, kor han var nestleiar. Der granska dei 20 av dei mest alvorlege sakene som har vore her i landet, kor barn har blitt utsett for vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt. Det vart avdekka svikt i fleire tenester, blant anna i barnevernet. Her lærde utvalet mykje om kva som kan gå galt i saker kor barn er involvert. Dette er også kunnskap han meiner vil bli nyttig i dette utvalet sitt arbeid.