Aktuelt
Vald i nære relasjonar – ny bok
- 02/01/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn barnesamtalen Bedre tverrfaglig innsats Helseskadelege tradisjonar Integrering Kultursensitiv omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Radikalisering Seksuelle overgrep Sosial kontroll Traume Tvangsekteskap Vold Vold i nære relasjoner
2. januar vart boka “Vold i nære relasjoner-diskurser og fenomenforståelse” lansert.
Dei siste åra har det kome fleire bøker som handlar om ulike sider ved vald i nære relasjonar, men redaktørane av denne boka sakna ei bok som viser breidden og kompleksiteten i fagområdet og som samtidig bidreg til å belyse ulike sider i arbeidet mot vald.
Gjennom erfarings- og forskningsbasert kunnskap vert blant anna tema som digital kjærestevald, vald mot eldre, partnardrap, æresrelatert vald, familievernet sitt arbeid med vald, samtalar med barn og konflikt og forsoning ved seksuelle overgrep løfta frem og diskutert.
Inge Nordhaug frå RVTS Vest er ein av bokas redaktører. Ellers bidreg tilsette frå RVTS Vest med fleire av kapitlene i boka; Konsultasjonsteammodellen i vest (Venke Johansen og Reidun Dybsland), Samtaler med barn når vi er bekymret (Reidun Dybsland) og Hvordan forstå æresrelatert vold – et blikk på fenomen, prosess og narrative tilnærminger (Elisabeth Harnes).
Boka henvender seg til studentar, tilsette i tenesteapparatet og til forskarar.