Aktuelt
Utskolerte mentorar i Rogaland
- 10/12/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Radikalisering Voldelig ekstremisme
Foto: Solabladet
Nyleg utskolerte RVTS Vest 30 mentorar i arbeidet med forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme frå heile Rogaland.
Mentorane kjem frå ulike sektorar som politi, SLT (Samordning av lokale rus og kriminalitetsforebyggende tiltak), flyktningeteneste, NAV, skule, barnevern, uteseksjon, fritid, moské med fleire.
Mentoropplæringa i Rogaland har vore arrangert i samarbeid med SAMVER, ei regional samordningsgruppe mot radikalisering og valdeleg ekstremisme som vart oppretta i 2016. Gruppa er leia av Stavanger kommune og består av kommunane Sola, Time, Sandnes og Randaberg, samt Rogaland fylkeskommune, Sør-Vest politidistrikt, PST, kriminalomsorgen, RVTS Vest og NAV.
Rogaland planlegg no å operasjonalisere sine utskolerte mentorar gjennom ein regional mentorbank:
– Kongstanken vår er at alle kommunane på Nord-Jæren er såpass tett, så vi treng ikkje nødvendigvis representantar i kvar kommune, men at vi har eit regionalt samarbeid. Vi har veldig mykje godt forebyggende arbeid, men det med mentorar har vi ikkje hatt før. Difor arrangerar vi dette. Det er første gong det vert gjort på Nord-Jæren. Vi kjem til å bruke dette som eit verktøy i 29 kommunar. Mandatet er at vi skal samhandle på tvers regionalt, seier Ellen Snilsberg, radikaliseringskoordinator ved Sør-Vest politidistrikt.
Nøgde deltakarar
Solabladet skriv om det viktige arbeidet som vert gjort i Rogaland med forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme. Fritidsveileder Trine Gulsrud seier til Solabladet at ho har sett at det er fleire tersklar som gjer at barn og unge ikkje deltek på fritidsaktivitatar.
– No har eg fått ein del meir kunnskap, og nye verktøy som eg kan bruke i mitt arbeid. For å hindre at nokon går i feil retning er det viktig å etablere kontakt og relasjon.
Ho fortel vidare at dei gjennom mentoropplæringa har fått ein del metodar som går på kommunikasjon og korleis gå fram. Både når det gjeld avdekking, men også korleis jobbe for å nyansere tankane til dei som kanskje er på veg inn i ein radikaliseringsprosess.
Fleire sitat frå dei no utskolerte menorane:
Det har vore eit fantastisk mentorkurs med fagleg kvalitet av ypperste klasse samtidig som det har vore praksisnært.
Eg har fått kompetanse om sårbarheit og risikofaktorar rundt radikaliseringsprosessen og korleis ein som medmenneske/profesjonsutøvar kan bidra til å vere ein beskyttelsesfaktor. Har også lært mykje om viktigheita av tverretatleg samarbeid.
Politi
Elisabeth Harnes, regional koordinator for arbeidet med radikalisering og valdeleg ekstremisme (v/ RVTS Vest), er også nøgd:
– Det har vore ni fine og innhaldsrike dagar på Sola kulturhus saman med engasjerte og dyktige fagfolk. Ønsker også å løfte opp SAMVER som har vore primus motor og pådrivar for å få mentoropplæringa til Sør-Rogaland. Vi ser frem til vidare samarbeid- og utvikling av viktig kompetanse og bærekraftige mentorordningar i arbeidet med forebygging av radikalisering og valdelig ekstremisme, i heile regionen, seier ho.
Relatert:
Skal samarbeide for å hindre radikalisering i regionen: – Vi må forhindre utenforskap (Solabladet)
Les om RVTS Vest si mentorutdanning