Aktuelt
Unngå isolasjon og utanforskap for flyktningar i kommunen
- 07/12/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Enslig mindreårige Flyktninghelse Krig Psykisk helse Psykososial beredskap Psykososial oppfølging Traume Utviklingstraumer Video
I ein kort video fortel spesialpedagog Beate Gauden ved RVTS Vest om korleis ein kan unngå isolasjon og utanforskap for flyktningar som kjem til kommunen.
Sjå video under teksten.
– Ein flyktning er først og fremst eit menneske, og menneske treng å tilhøyra eit fellesskap, seier Beate. – Det viktigaste ein flyktning kan få i velkomstgåve er tilhørighet til andre. Tenk om kvart menneske fekk ein «vennefamilie» frå nabolaget. Nokon som stilte opp med smil og vaflar, ei hand eller turfølge nokre gonger i månaden.
Venskap i system
– Kommunen kan setja venskap i system på mange ulike måtar. Nabolagsgrupper, turgrupper, vennefamilie, bilmekking eller andre faste møteplasser. Då ville våre nye innbyggjarar fått rask tilgang til sosialt fellesskap og tilhørighet. Og dei får snakka norsk.
– Isolasjon og utanforskap er det motsette av tilhørighet og fellesskap.
Traume vil isolasjon, men terapien ligg i relasjon.
Belastningar og stress i kroppen
– Mange har belastningar og stress i kroppen når dei kjem. Traume vil isolasjon, men terapien ligg i relasjon. Med denne forståinga blir det viktig å sikra at alle får relasjonar tidleg. Terapien i det vanlege livet er stor, som kollega Dag Nordanger seier.
– Sosiale fellesskap med fokus på trygghet, tilhørighet og regulerande relasjonelle erfaringar kan vere like viktige terapeutiske arenaer som dei meir spesialiserte tenestene. For eksempel å spela fotball, gå på tur, gå på kafé, dansa, trena eller delta på dugnad. Dette kan gjere at eit menneske tidleg kan kjenne seg som ein del av eit fellesskap.
Viktig å førebygge uhelse
– Det ligg mykje uhelse i isolasjon, men mykje god helse i sosiale fellesskap. Gode sosiale grep i startfasen kan difor førebyggje uhelse og utanforskap. Eit smil er den kortaste vegen mellom to menneske.
– Dess fleire smil, dess betre kvardag.