Aktuelt
– Hjelparar i kommune og spesialisthelseteneste ønsker ofte å bli tryggare på å snakke om rus og vald.
– Det er uheldig dersom tema om vald ikkje vert tematisert, fordi hjelparar kvir seg for å ta opp tema.
Dette seier psykologspesialist ved RVTS Vest, Sanne Bach.
Saman med KORUS Bergen og KORUS Stavanger, tilbyr RVTS Vest opplæringspakken «Kompetanseutvikling rus og vald».
– Når vi underviser i integrert behandling av rus og vald, opplever vi at mange er utrygge på å snakke om dette, dei er gjerne usikre på korleis ta det opp som tema. Det er vanskeleg for den som treng hjelp, dersom vi som hjelparar ikkje er trygge nok til å snakke om det eller har verktøy for å jobbe med det.
Vekk frå silotenkning
– Det er lett for at det blir mykje silotenkning i behandling av ulike lidingar, seier Sanne. – Ein behandlar psykisk helse her, rus der, vald her, spiseforstyrringar der.
Gjennom «Kompetanseutvikling rus og vald», tilbyr vi tenestene i vår region; kommunar og spesialisthelse, opplæring som handlar om å sjå på rus og vald samtidig.
– Opplæringspakken gir både ei auka forståing, konkrete tiltak samt trygghet til å møte menneske som har utfordringar med rus og vald.
Vil nå breiare ut
– Vi har hatt opplæring på to rusisnstitusjonar i Bergensområdet, fortel Sanne. – Her deltok heile personalgruppa; legar, psykologar og miljøterapeutar med ulike fagbakgrunnar. Verdien i dette, er at ein får eit felles språk, og at brukarane blir møtt med den same forståinga.
– Vi ønsker også i større grad å tilby programmet til kommunane, til tenester som treng meir trygghet i møte med menneske som strevar med rus og vald, seier Sanne.
Erfaring frå Avdeling for rusmedisin
Cecilie Nordenson er psykologspesialist ved Avdeling for rusmedisin (AFR Skuteviken). Dei har delteke på «Kompetanseutvikling rus og vold», og vi spurte henne om å dele sine erfaringar.
Kva pasientar har de ved AFR Skuteviken?
– På AFR Seksjon skuteviken har vi to avrusningsavdelingar. Ein for menn og ein for kvinner, med henholdsvis 15 og 13 senger, fortel Cecilie.
– Vi tar imot pasientar for medisinsk avrusning og for bytte av LAR-medikament. Blant våre pasientar kan det vere menneske som har ei historie med vald. Ein del er plaga med låg terskel for frustrasjon når dei står i ein tøff avrusing, når det er mange rammer å forholde seg til som kan vere uvant.
Kvifor ville de delta på «kompetanseutvikling rus og vald»?
– Vår jobb er å bidra til at pasientane fungerer greit saman i avdelinga. Det er viktig å kunne de-eskalere tilløp til konflikt eller sinneutbrot. Vi ønska å ha auka fokus på denne delen av jobben vår. Fordelen med rus og vold-programmet var at vi kunne sende fleire av våre legar, psykologar og miljøpersonale saman på kurs, fortel Cecilie.
Kva nytteverdi har deltakinga hatt?
– Det var svært nyttig for oss å følge programmet. Det førte til at vi fekk løfta fokus på tema. Vi var også glade for å kunne samlast heile dagar utanfor avdelinga og saman jobbe med fagtema som var relevante for oss, fortel Cecilie.
– Vi opplever å ha fått eit felles språk for intervensjonar vi gjer i behandling, og vi har bestemt oss for å sende fleire på kurs når rus og vold-programmet startar opp igjen i vinter. Vi nytta også anledninga til å ha fokus på temaet «vold» i rettleiing og undervisning på seksjonen vår, parallelt med at ein del av personalet fulgte modulane i programmet.
Kva vil du sei til andre som vurderer å setje i gang med programmet?
– Eg vil anbefale programmet til andre fordi det var nyttig å lære om CBT (kognitiv atferdsterapi) og MI (motiverende intervju) i konteksten rus og vald. Man kan få eit fagleg løft og eit felles språk for arbeidet med vald og aggresjon hos pasientar med rusavhengighet. Dette vil vere med på å kvalitetssikre den jobben man gjer, seier Cecilie Nordenson.
Vil di teneste/ organisasjon/ bedrift ha meir informasjon om Kompetanseutvikling rus og vold?
Kontakt Sanne Bach, sanne.bach@helse-bergen.no