Sinnemestring Brøset Modellen

Sinnemestring Brøsetmodellen er eit utdanningsprogram for fagfolk som møter utøvarar av vald i nære relasjonar.

Fagleg innhald:

SBM bygger på kognitiv evidensbasert teori, og innføringsseminaret i kognitiv terapi er inkludert i kurset og godkjent av Norsk Forening for Kognitiv Terapi.

Modellen er program- og manualbasert, og gir opplæring i gruppe- og individualbehandling. Det er utvikla manualar og arbeidsbøker for begge tilnærmingane og ein eigen manual for tilesette i kriminalomsorgen. Det er også ein ungdomsmanual.

Målgruppe:

Tilsette i kommunale tenester innanfor psykisk helse, rusfeltet, barneverntenesta og ungdom med aggresjonsproblem.

Tilsette i familievernkontor, DPS, eller andre delar av spesialisthelsetenesta samt tilsette i kriminalomsorgen (friomsorg eller fengsel).

Søkjarar bør ha 3 årig helse- eller sosialfagleg utdanning.

Sinnemestringstilbodet må forankrast i leiinga, slik at det er mogeleg å praktisere i eiga verksemd.

Praktiske opplysningar:

Utdanningsprogrammet er støtta av Helsedirektoratet, og det er ingen kursavgift.

Film om sinnemestring etter Brøsetmodellen:

På nettsida dinutvei.no kan du sjå film som handlar om korleis ein blir møtt hos sinnemestring etter Brøsetmodellen.

Sjå også www.sinnemestring.no

Nytt utdanningsløp i 2022-2023

2022: 28 – 30 september og 23 – 25 november. 2023: 1 – 2 februar, 22 – 23 mars, 19 – 20 april og 24 – 25 mai.
Frist:1. juli 2022

Søknadsfrist: 1. juli 2022

Stad: Folkets Hus, Løkkeveien 22, 4008 Stavanger.

Kontaktpersonar:

Stig Jarwson: stig.jarwson@stolav.no
Anne Meisingset: anne.meisingset@stolav.no
Geir Olsen: geir.johnny.olsen@helse-bergen.no