Aktuelt
Traumefeltets viktigaste “terapi”?
- 21/11/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging omsorgssvikt Psykisk helse Utviklingstraumer Verktøykassen Video
Videoen “traumefeltets viktigste “terapi”? har på få dagar hatt fleire tusen visningar på youtube.
Videoen handlar om reguleringsstøtte, og er laga av Dag Ø. Nordanger. Saman med psykiater Anne Kristine Bergem viser han korleis ein kan forholde seg til barn og unge som sliter med å kontrollere sine kjensler. Tematikken er relevant for alle som arbeider med barn og unge.
– Ein kan nokre gonger vere usikker på kor mykje av det vi forskarar publiserer som blir lest og kjem tenestene direkte til nytte. Vi ønskjer difor å gjere denne viktige kunnskapen lettare tilgjengeleg og forståeleg, seier psykologspesialist og forskar Dag Nordanger, RKBU Vest og RVTS Vest.
Dei to viser gjennom rollespel kva som skjer i hjernen og mellom mennesker når kjensler vert aktivert. Kunnskapen som vert formidla kan bidra til at vaksne kan gi betre reguleringsstøtte til barn og unge som treng det.
Videoen handlar om praktiske konsekvensar av den kunnskapen som er formidla i Dag Nordanger sine tidlegare videoar. At videoane har blitt så godt mottatt har oppmuntra og motivert Dag til å lage fleire. Budskapet er forenkla, men har god fagleg forankring.
Videoen går inn i ein serie pedagosiske filmar av Dag Nordanger, sjå speleliste her:
[embedyt] http://www.youtube.com/embed?listType=playlist&list=PLY_QJvti7Zlur3cEdAOsvle-7FIa6if99[/embedyt]