Aktuelt
Teikn på at nokon kan ha sjølvmordstankar – og råd om kva vi kan gjere
- 07/06/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Kan du lese andre sine tankar?
– Nei, ikkje eg heller, sjølv som terapeut, seier Linda Thomassen, spesialkonsulent ved RVTS Vest.
Linda er utdanna klinisk vernepleier, og har master i relasjonsbehandling. Ho har tidlegare jobba ved BUP i Stavanger, i ulike avdelingar. Dei siste 5 åra ved Akutt ambulant ungdomsteam i Stavanger, i tillegg til å ha jobba som terapeut i dialektisk atferdsterapi (DBT). Ved RVTS Vest jobbar ho med sjølvmordsforebyggande arbeid, arbeid med etterlatne, samt kriser og beredskap. Ho er og RVTS Vest sin representant i arbeidsgruppa som jobbar med fokeopplysningskampanjen «Snakk om sjølvmordstankar – det kan redde liv», som går i Rogaland og Vestland i mai og juni 2023.
I ein video vi har laga, fortel Linda om teikn vi kan sjå etter, og gir råd om kva vi kan sei til den vi er bekymra for.
Kva kan vi sjå etter?
Endringar i ein person sin væremåte, som:
- Trekk seg unna sosial kontakt og er mykje aleine
- virkar trist eller nedfor
- har virka nedstemt over tid
- blir meir stille og inneslutta eller
- plutselig mer sint eller irritabel enn til vanleg
Endring av livssituasjon, som:
- opplever kjærleiksssorg eller brudd i viktige relasjonar
- satt seg eit stort mål i livet som ikkje er muleg å oppnå
Snakkar om:
- å vere ein belastning eller verdiløs
- faktisk seier at livet er ikkje er verdt å leve
– Dette kan sjølvsagt vere teikn på mange ting og treng ikkje å handle om sjølvmordstankar, seier Linda. – Men er du bekymra, undersøk og spør. Nokon kan benekte at dei har sjølvmordstankar, men det er så viktig å lytte til meninga bak orda. Om ein ikkje spør, får man i alle fall ingen svar. Har ikkje den du spør sjølvmordstankar er ingen fare skjedd. Du har kanskje opna opp for ein viktig samtale.
Eksempel på kva du kan seie:
«Er det sånn at du har tenkt tanken på å ta livet ditt?»
«Eg er bekymra for deg, og det virkar som du har det veldig vanskeleg. Er det så ille at du har tenkt tanken på å ta livet ditt?»
«Tenker du på sjølvmord? Eg spør fordi eg bryr meg om deg».
«Har du sjølvmordstankar?»
– Så sjølv om vi ikkje er tankelesarar, kan vi sjå etter teikn. Er vi usikre, så spør vi, seier Linda Thomassen.
Andre tips og råd, samt informasjon om kor ein kan søkje hjelp finn du på helsenorge.no/selvmordstanker.