Aktuelt
– Tausheten er min største trussel
- 10/06/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Sjølvmord Sjølvmordsførebygging

– Eg var 12 år gammal då eg mista min største helt i livet. Mitt viktigaste haldepunkt.

Dette seier Stine Roaldsdatter Tragethon på førebyggingsforum med fokus på sorgreaksjonar hos barn og unge etter sjølvmord. – Det var eit sjokk og heilt uforståeleg at pappa valde å forlate oss – kjernefamilien.
Ho står der på podiet framfor 100 fagfolk frå ulike tenester som jobbar med barn og unge. Ho deler korleis livet har vore etter at ho mista faren sin i sjølvmord då ho var 12 år gammal. Ho snakkar om hennar møte med hjelpeapparatet. I dag er ho 20.
– Som om ikkje sorga er nok, så må ein samstundes takle tabuet som er knytt til sjølvmord. Sjølvmord bør og må snakkast meir om!
– Det som slår meg mest når eg tenker på pappa, er kor tvers gjennom god og snill han var. Det er og slik andre hugsar han. Han satt alltid familien først. Det er nettopp desse minna som er så viktige for meg.
Sett ord på det!
Stine snakkar om korleis tida var når det vart leita etter faren, og korleis tida var etter han var funne. Ho kan ikkje heilt hugse kva som eigentleg skjedde, fordi ingen fortalde det til henne. Så ho danna seg si eiga historie. Men ho veit ikkje om den er riktig.
– Eg skulle ønske at nokon hadde satt seg ned med meg og gått gjennom kva som skjedde då pappa døydde. For eg hadde levd på ei historie eg ikkje veit om stemde, fordi ingen fortalde til meg kva som eigentleg hadde skjedd.
Ho begynte ganske snart å leve som normalt igjen, fordi alle andre gjorde det. Dei vaksne lata som ingenting, då gjorde ho og det. Det var ingen som snakka, ingen som spurte. Ho presterte godt på skulen, fordi det var noko ho alltid hadde gjort – og ho ville gjere faren stolt. Men ho fann snart ut at dette ikkje var ein taktikk som fungerte, noko måtte gjerast. Ho byrja å skrive. Penn og papir vart hennar største venn og hjelp gjennom sorga.

Sint på vennene
Ho var ofte veldig sint og bitter på vennene sine i tida etter at faren døydde. Dei spurte ikkje, og dei forsto ikkje sorga hennar. Mens ho måtte snakke med presten, tenkje på dødsannonse og kva gravstein som skulle veljast ut – var vennene si største bekymring at kontantkortet til mobilen var tomt.
– Men når eg tenkjer tilbake, så forstår eg kvifor vennene mine var slik. Ein kan ikkje forvente at 12-åringar, utan veldig lang livserfaring, skal setje seg inn i sorga etter eit slikt tap – som eg ikkje sjølv kunne setje meg inn i ein gong.
– Eg har jo ein pappa eg og
Når nokon snakka om fedre, og ho var til stades i rommet, vart det taust med ein gong.
– Men eg har jo ein pappa eg og. Ein pappa å vere stolt over – ein pappa å vere glad i, og ikkje minst ein eg har lyst til å dele med alle andre – alle historier og opplevingar eg har hatt. Eg vil snakke om han og slik halde ham i live.
– Eg har ein enorm trussel hengande over meg – og eg er konstant redd. Eg er redd for å gløyme, og eg er redd for at pappa skal bli gløymd. Trusselen er min største fiende, og den heiter taushet! Den trugar meg kvar einaste dag, og det har den gjort i over sju år no.
Den viktigaste taktikken
Stine har valt å fokusere på det positive, sjølv om det gjer vondt å ikkje vite kvifor faren tok livet sitt. Hennar viktigaste taktikk er å kjempe mot hennar største trussel; tausheten. Det er difor ho no snakkar om det som har skjedd.
– Å miste nokon i sjølvmord skal ikkje vere tabu, det er ikkje tabu. Vi er så mange som har opplevd det.
Barn som har opplevd å miste nokon i sjølvmord
Kari Dyregrov og Magne Raundalen frå Senter for krisepsykologi var hovudførelesarar på forebyggingsforumet. Kari Dyregrov førelas om barn sine sorgreaksjonar etter å ha opplevd å miste nokon i sjølvmord, mens Magne Raundalen førelas om korleis ein kan prate med desse barna.
Guri Reikvam frå Skranevatnet skole førelas om skulen si ivaretaking av elev som har mista nokon i sjølvmord.