Aktuelt
Sterke inntrykk frå møte med ukrainske kvinner og barn
- 22/03/2022
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Krig Psykisk helse Psykososial beredskap Psykososial oppfølging Traume
Foto: Elisabeth Harnes
Ukraina held pusten og usikkerheita og redsla pregar både landet og folket på flukt. Det er ingen tvil om at det forferdeleg å vere kvinne, barn og sivile i det som skjer.
I følge UNHCR har 500.000 flyktningar kome til Romania i løpet av dei siste vekene, og kring 100.000 har førebels blitt verande.
«Kva kan eg gjere, kor skal eg dra og kven skal eg stole på?» undrar kvinnene, i det dei går ei uviss tid i møte.
Av dei 100.000 som no er i Romania sine transittsentre, togstasjonar og kyrkjerom, husar hjelpeorganisasjonen Mana Deschisa* 80 kvinner og barn, og har til no sytt for husrom og oppfølging av ytterlegare 150 ukrainske flyktningar i regionane Campina og Filipesh. Dette vert gjort i dialog med lokale myndigheiter som i stor grad vender seg til frivillige organisasjonar og trussamfunn for bistand til flyktningarbeidet. Organisasjonane har fått ei koordinerande rolle i flyktningarbeidet i sitt distrikt, samstundes som dei sørger for transport av livsnødvendige medisinar, mat og andre nødvendigheiter inn i fleire av dei utsette områda flyktningane kjem frå.
Elisabeth Harnes frå RVTS Vest har tidlegare jobba både i Romania og Ukraina, og reiste til Romania på oppdrag i privat regi for å bistå organisasjonen Mana Deschisa, med psykososial støtte og rådgjeving på tvungen migrasjon og flyktninghelse i ein krevjande og akutt periode. Vi gjorde eit intervju med ho for å få innsikt i opplevingane til dei menneska ho møtte der.
Korleis opplevde du at kvinnene og borna du møtte hadde det?
– Det var tydleg at kvinnene og barna hadde opplevd desse vekene kor krigen har herja svært traumatisk, seier Elisabeth. – Majoriteten av flyktningane som Mana Deschisa no husar var allereie sårbare kvinner og barn med funksjonsnedsettingar og spesielle behov i Ukraina, noko som utan tvil gjer dei meir utsett for traumereaksjonar og sårbare for denne type livsovergangar. Mange hadde i tillegg levd i bomberom i forkant av flukta og blitt eksponert for øydeleggingar og hardt skadde menneske. Fleire av dei hadde også opplevd ein svært farleg flukt gjennom bomberegn og rakettnedslag då dei køyrde ut av Ukraina. Mange slit med sorg over å måtte reise frå sine menn, foreldre og barn over 18. Dei slit også med skyld over å sjølv vere i tryggleik.
– Fleire kvinner fortalde at dei enno høyrer lydane av dei kraftige bombene og rakettane når dei skulle sove, noko som er klare symptom på PTSD. Andre hadde sterke somatiske symptom og sleit med å ete. Ei kvinne fortalte at ho brekker seg og kastar opp fleire gonger om dagen over situasjonen. Tanken på hennar kjære ektemann som ho og hennar tre born måtte forlate, et ho opp og gjer ho fysisk dårleg, fortel Elisabeth.
– Også barna reagerer på sine måtar. Eg budde under same tak som flyktningane då eg var der, og kom tett på borna. Ein gut som gjorde inntrykk er den 4 år gamle, stille og alvorsprega guten som alltid sat åleine i eit hjørne med ein telefon tett inntil brystet, fortel Elisabeth. – Eg gjekk bort til han, og fekk han på fanget mitt. Eit stort bilete av pappaen fylte skjermen på mobilen han sat med.
Elisabeth fortel vidare at den same guten kunne sitje i fleire timar og halde pappa tett inntil hjartet sitt på denne måten. – For om det er noko han ikkje skal gje slepp på, så er det pappa, seier Elisabeth. – For mamma var dette ein etterlengta pause; medan guten var oppteken med telefonen, kunne ho sjølv få utløp for eiga sorg utan å eksponere sonen.
– Då var det godt å kunne bidra med avleiing og avlastning, seier Elisabeth.
Kva var det viktigaste kvinnene og borna opplevde å vere til hjelp i ei vanskeleg tid?
– For kvinnene var det viktig å få snakke om opplevingane sine i eit trygt fellesskap. Vi snakka om deira kjære som vart igjen, om den konstante redselen og dei vanskelege kjenslene. I denne fasen av migrasjonsprosessen, hadde kvinnene stort behov for fysisk omsorg, gode klemmar og ei robust og trygg skulder å gråte på, men også rettleiing på kva som er lurt å gjere for å beskytte barna frå eigna reaksjonar når nyheitene tikkar inn med brutale bilete frå bombingar og rakettnedslag i deira nærområde. Fleire mottok telefonar frå familiemedlemmar som ville ta eit siste farvel då dei innsåg at døden stadig kom nærare, fortel Elisabeth.
– Dei fortalde at det var godt å kjenne på fellesskapet med kvarandre og lytte til kvarandre sine historier og skjebner. «Det er den beste terapien for oss no», sa ei av kvinnene som hadde blitt tildelt tittelen psykolog frå sine medsøstre. Men uavhengig av rolle innad i gruppa, var også ho trass i sin tittel utmatta av flukta og den pågåande krigen og hadde behov for trøyst og rettleiing som alle andre.
– Det er ingen tvil om at nestekjærleik og empati er dei viktigaste faktorane i mellommenneskelege relasjonar, men desto viktigare for menneske på flukt som har mista sitt fundament av tryggleik og tillit i ein opprivande krig. Nestekjærleik både gjennom haldningar, men også i form av handlingar som sosial støtte, pausar og avlastning i kvardagen. For sjølv om dei no er i fysisk tryggleik, vert verda for dei ukraniske flyktningane på dette tidspunktet opplevd som kaotisk og uttrygg, og dei treng nokon å lene seg på i kvardagen. Mange av dei er i alarmberedskap og lever i eit traume som endå ikkje høyrer til fortida.
– Det er derfor avgjerande at dei får vere ein del av trygge og meiningsfulle fellesskap, at mødrene får aleinetid og pausar frå sine barn i visse om at barna er i trygge hender, og at barna vert skjerma frå foreldra sine sterke følelsesreaksjonar og får pausar frå krigen gjennom leik, læring og kreativitet.
Kva hadde dei du møtte opplevd?
– Dei eg møtte var prega av den dramatiske bussflukta ut av Ukraina. Nokre hadde budd i bomberom med små barn, med autistiske barn, og fleire fortalde at dei har lagt «fanga» i si eiga seng på grunn av sitt handikap, utan moglegheit for å røre seg då bombene og rakettane slo ned i nabolaget. Av dei 300 personane som ønska å vere med den første bussen vi tok imot, vart 24 personar valt på bakgrunn av grad av sårbarheit og spesielle behov. På tidspunktet eg var der, vart fem busslastar transportert ut av Ukraina, fortel Elisabeth, – og det skulle fortsetje.
– Sjølv var eg med til den ukrainsk-rumenske Siret grensa, ein 7 timar lang køyretur frå Campina. Her bidrog vi med å frakte mødre og barn trygt tilbake til Mana Deschisa. Det var ekstremt sterke menneskeskjebnar som møtte oss; ei mor med sitt 2 år gamle barn, hadde nyleg mista mora si, og kort tid etter funne svigerfar hengt i uthuset. Ektemannen hennar hadde som følge av tapa og krigens hendingar blitt psykisk ustabil. Etter ei veke i bomberom åleine med 2-åringen orka ho ikkje meir og bestemte seg for å ta risikoen ved å flykte. I prosessen kontakta ho si einaste søster busett i Russland for støtte, men blei møtt med vantru og kritiske spørsmål ved kvifor ho i all verda skulle flykte ut av trygge Ukraina. Hennar søster har ein doktorgrad, og frå å vere eit opplyst menneske, hadde ho på kort tid blitt indoktrinert av Putin sitt regime, fortalde denne mora meg, seier Elisabeth.
– I tillegg til ei desperat og farleg flukt frå krigens grusomheiter, frå umenneskelege lidinger og uuthaldelege ødeleggingar, opplever mange å bli avskårne frå og frårøva sine familierelasjonar, i ei tid kor sosial og emosjonell støtte er heilt avgjerande for å stå oppreist. Det gjer inntrykk, seier Elisabeth.
– Fleire kvinner fortalde kor ekstremt vanskeleg det var å bestemme seg for kven som skulle reise og kven som skulle vere att. Mange av dei eg møtte har både foreldre, barn og ektemenn igjen i utsette område- og dei kjende alle på ei enorm skuld for at dei sjølv hadde kome seg i tryggheit. Men sjølv om dei no er i tryggheit i Romania, var det tydelig at krigen likevel herjar i kvar einaste kroppsdel og celle, seier Elisabeth.
– Også immunforsvaret hos dei fleste barna og mødrene vart svært svekka, og vi opplevde at det braut ut eit magevirus. I krig kan eit magevirus vere ein ekstrem påkjenning og kan opplevast livstruande , og vi hadde mange sjukebesøk og turar med ambulanse på natta til sjukhuset.
Krig og flukt gir auka risiko for menneskehandel, og mange av dei som no er på flukt frå krigen i Ukraina er svært sårbare for utnytting. Hadde kvinnene du møtte erfaringar med å bli utnytta på denne måten?
– Fleire av kvinnene eg møtte fortalde om det totale kaoset på grenseovergangane til Romania og på togstasjonen i Bucharest. Her var det mange forvirra kvinner og barn utan kart og kompass for neste destinasjon, fortel Elisabeth.
– Ukraina er hovudsenteret for menneskehandel i Europa, og Romania har også eit svært godt organisert nettverk. På slike stader blir situasjonen fort uoversiktleg. Knutepunkta vil trekke til seg personar som ønsker å komme i kontakt med sårbare menneske for å utnytte dei på ulike måtar, og det kan vere vanskeleg for flyktningar å skilje mellom desse og frivillige hjelparar med gode hensikter.
Kva bør gjerast for å førebyggje menneskehandel i denne krigen?
– I løpet av dei siste vekene har det vore avdekka fleire tilfelle av menneskehandel på ukrainske flyktningar i Romania. No er det auka bekymring for omfanget. Dette er utan tvil ein situasjon menneskehandlarar veit å utnytte, og det er ikkje godt nok med sivilpoliti ved grenseovergangane. Det er viktig med ytterligare beredskap for å sikre ein trygg ankomst og ivaretaking av flyktningane, og at det vert sett inn psykososiale tiltak for å avgrense sårbare situasjonar og førebyggje utnytting, seier Elisabeth og fortset: – Flyktningane bør også få informasjon og råd om risikofylte situasjonar, på eit språk dei forstår. Dei bør bli åtvara mot å levere frå seg dokument eller ta imot tilbod om transport, overnatting, jobbar eller annan hjelp frå ukjente som tek kontakt og tilbyr hjelp, utan å vise til at dei er offentleg tilsette eller eventuelt er knytt til ei organisasjon som har mandat til å hjelpe. Både Romania og Noreg har skrive under på OSCE Office for Democratic Institutions and Human Rights (ODIHR).
– Eg er glad for at FN’s høykommisær, UNHCR og det internasjonale Røde Kors nyleg annonserte at dei no er i ferd med å plassere koordinatorar ved grenseovergangane med spesielt mandat til å informere og avdekke menneskehandel, og eg håpar dette vil styrke arbeidet som til no nærmast har vore fråverande, seier Elisabeth.
– I Romania er Mana Deschisa godt i gang med å utvikle informasjonsmateriale om menneskehandel for å førebygge utnytting. Dette har dei god erfaring med etter å ha arbeidd med menneskehandel-ofre i Rumensk kontekst i over 20 år.
Råd til hjelparar
RVTS har utarbeidd råd for korleis hjelparar som kjem i kontakt med dei ukrainske flyktningane som kjem til Noreg må ha kunnskap om menneske og sårbare situasjonar, menneskehandel og andre formar for utnytting, korleis avdekke utnytting og korleis hjelpe.
Innhaldet er utarbeidd på bakgrunn av anbefalingar av Organization for Security and Co-operation in Europe (OSCE), kunnskap om risiko for utnytting i samband med flukt og migrasjon, aktuelle nyhende om flyktningstraumen frå Ukraina, samt erfaringar knytt til den auka tal flyktningar i 2015.
Glimt frå organisasjonen Mana Deschias
Bilete frå Mana Deschias og folka Elisabeth Harnes møtte der.
Mana Deschisa
Mana Deschisa er ein rumensk hjelpeorganisasjon som i 20 år har tilbudt rehabilitering for sosialt marginaliserte personar, både gatebarn, ofre for menneskehandel, rusmisbrukarar og fengselsinnsatte.
Bussane er organisert i samarbeid med ukrainske samarbeidspartnarar og frivillige organisasjonar i Ukraina, Jamama og Happymade design, blant anna eit kvinnesenter som har jobba med sårbare kvinner og barn i fleire år. Mange av mødrene er sårbare og fleire er einslege med barn med sterk autisme, andre handikap og særskilde behov, og nokre av mødrene har sjølv funksjonsnedsettingar eller vore ofre for menneskehandel. Mana Deschisa har teke imot både tilsette og brukarar av frivillige organisasjonar, personar som aldri hadde hatt moglegheit til å komme seg ut av Ukrainia på eiga hand.
Relevant:
Dette kan RVTS Vest bidra med (Kontaktinformasjon og lenker til andre ressursar)