Aktuelt
Stemme i vest: Øyvind Heen Ottesen
- 17/11/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Stemmer i vest

Når vi spesialiserer oss vekk frå kva det faktisk gjeld

– Beklagar, eg jobbar utelukkande med bilmerket Opel Kadett, bilen din er ein Opel Rekord.
–Eg kan diverre ikkje hjelpe deg, eg jobbar i NAV Trygd, dette er eit spørsmål du må rette til NAV Arbeid.
–Fotvorter seier du, vel, beklagar, eg jobbar utelukkande med kirurgisk korreksjon av tunge augelokk.
-Dette polikliniske tilbodet innan psykisk helsevern føreset at du ikkje har for store rusvanskar.
– Dette behandlingstilbodet innan rusomsorgen føreset at du ikkje har for store psykiske vanskar.
Samfunnet generelt, og helse- og sosialvesenet spesielt spesialiserer i større og større grad sine tenestetilbod. Innan psykisk helsevern er døme på dette spesialiserte tenester med utgangspunkt i ein særskild metodikk, eller spesialiserte tenester med utgangspunkt i ein spesifikk diagnose.
«Vi tilbyr behandling til dei med lette til moderate psykiske vanskar» er eit anna utsegn ein hyppig høyrer. Kvar går grensa? Korleis definere? Ikkje berre må ein meistre trebokstavssamfunnet, ein bør helst ha problem som er skreddarsydd for ein spesifikk metode, om ikkje kan ein risikere å bli avvist på bakgrunn av at «tenestetilbodet ikkje er tilpassa din type vanskar». Eg har i mi kliniske verksemd stadig gjort dette sjølv, med bakgrunn i at den det gjelder «har vanskar av ein slik karakter at vårt hjelpetilbod ikkje er tilstrekkeleg».

Eg, som har jobba i valdsfeltet i mange år, opplever ofte å møte dette problemet. Det kan av og til provosere. Eg kan møte kollegaer med doktorgrader og spesialiseringar som kan ytre at dei ikkje har kompetanse på valdsproblematikk, «eg har ikkje den naudsynte spesialkompetansen». Vel, seier eg, det er sjølvsagt ein stor fordel å ha lese litteratur om vald, kjenne til strukturerte kliniske risikovurderingar og/eller ha bakgrunn frå behandlingstilbod eller institusjonar der valdsproblematikk er særskild uttalt. Likevel, vald er åtferd. Det er noko folk gjer. Påverka av eins bakgrunn, av kjensleliv, av kva situasjon ein er i og eins kognitive stil. Det er kort og godt klassisk menneskeleg åtferd. Blir det ikkje då rart at røynde fagfolk ytrar at dei ikkje har kompetanse på området? Vi som er fagpersonar bør kunne seie noko klokt, være til hjelp og ta i mot ALLE TYPAR ÅTFERD. Omfangsstudie av valdsproblematikk syner uansett at problematikken er så utbreidd, at det ikkje vil vere tilstrekkeleg at kunnskap og kompetanse om vald utelukkande er spesialistar heller enn generalistar sitt ansvarsområde.
Trikotillomani, impulsutløyst napping av hår, er ei form får åtferd eg sjeldan møter i jobbsamanheng. Burde eg ikkje likevel kunne stille nokre relevante spørsmål, ytre forståing og iverksetje hjelpetiltak i møte med ein person med denne type vanskar?
Å stille spørsmål ved utsette sin tryggleik og på bakgrunn av dette utforme ein tryggleiksplan, å kartleggje typiske situasjonelle omstende rundt valdsutøving, kognitive fortolkingar gjort forut for hendinga, utforsking av emosjonell stil og personlegdom, utforming av tiltak som ivaretek tryggleik og kanskje og klarar å endre ein person si valdsutøving er noko alle psykologar og anna helsepersonell har moglegheit til å, med eller utan hjelp, kunne klare. Det kan vere til uendeleg hjelp om ein hjelper ein valdsutsett klient med å komme i kontakt med politiet, eller om ein hjelper ein valdsutøvande klient med å komme i kontakt med til dømes Alternativ Til Vold. ALLE har kompetanse til å sende ei bekymringsmelding til barnevernstenesta, alle kan ta opp telefonen og kontakte krisesenteret.
Førestill deg å gå over tid med eit problem du skammar deg over. At du utøver vald mot kona di, at du i grensesetjingssituasjonar mistar kontroll over deg sjølv og slår borna dine. Kanskje du sjølv vart utsatt for dette som ung. At du er tilvist spesialisthelsetenesta på bakgrunn av ein depresjonsdiagnose. Du blir tildelt 10 timar kognitiv terapi mot dei plagsame symptoma dine. Terapeuten din, som du både opplever som imøtekomande og hjelpsam, spør deg imidlertid ikkje om sinnevanskar. Han eller ho kan ane at det førekjem, men bakgrunnen for tilvisinga var depresjon, dette blir typisk behandla med ein spesifikk metodikk over eit avgrensa tal timar. Du opplever det ikkje som mogleg å fortelje, terapeuten din opplever det ikkje som mogleg å spørje.
Heller enn å avvise folk som søker hjelp for eigne eller andre sine valdsvanskar (dei har valt deg!) på bakgrunn av manglande kompetanse eller høve, bør dei som bestemmer og styrer stille seg nokre viktige spørsmål. Kva kan eg gjere for at dei som jobbar her vågar å adressere valdsproblematikk? Kva er våre rutinar ved avdekking av valdssaker? Kor kan den enkelte tilsette hente støtte slik at han/ho kan jobbe med denne tematikken? Har vi gode nok tradisjonar for å jobbe saman i vanskelege saker? Korleis ivareta tryggleiken til dei tilsette? Er bygget utforma på ein slik måte at dei tilsette er trygge på jobb?
I tillegg til å være utdanna i og hekta på spesifikk metodikk (det er kvaliteten på den terapeutiske alliansen, IKKJE kva metode ein nyttar som er den viktigaste bidragsytaren til behandlingsutfall, det skulle være godt dokumentert) bør ein legge til rette for at helsepersonell KAN og VÅGAR å jobbe med vald, og at det er trygt å jobbe med denne tematikken. Noko kan alle gjere. Verdien av dette noko er uendeleg stor, og kan potensielt endre menneskeliv!