Aktuelt
Stemme i vest: Lars Raae
- 03/11/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Stemmer i vest
Erfaringar frå arbeid i psykososialt kriseteam

RVTS-Vest har invitert til å skrive eit innlegg om mine erfaringar frå arbeid i psykososialt kriseteam i Stryn kommune.
Mandat og organisering
Stryn kommune har hatt noverande organisering av psykososialt kriseteam sidan 1993. Det er forankra i Stryn kommune sin beredskaps- og kriseleiingsplan. Vi skal utføre og koordinere naudsynt psykososial støtte til dei som treng det i ein krisesituasjon, som eit hjelpetiltak i tillegg til det ordinære hjelpeapparatet. Det er eit mål at dei som er ramma skal følgjast opp av det ordinære hjelpeapparatet snarast.
Kva er ei krise, når skal vi yte hjelp og kven er ramma?
I rammeplanen for psykososialt kriseteam i Stryn kommune har vi beskreve krise som « ei hending av dramatisk og uventa karakter, som gjev eller som ein ventar kan gje einskildpersonar eller grupper ein omfattande psykisk reaksjon».
Stryn kommune har valt å ha låg terskel for aktivering av psykososialt kriseteam. Vi venter ikkje på å bli aktivert av rådmann eller ordførar, men aktiverer ofte oss sjølve. Vi møtast rett etter hendvendinga, og kartlegg behova for hjelp i dialog med den som er ramma.
Fleire personar og instansar har høve til å aktivere oss, m.a. AMK, politi, prestar, røde kors, og privatpersonar.
«Den er ramma av krise som kjenner seg ramma av krise». Utsegnet er sett litt på spissen, men er uttrykk for at vi ikkje har noko bagatellgrense for aktivering; berre nærare undersøking avklarar kva vi gjer vidare i saka. Vi har hatt flest saker med brå og uventa død, eller alvorleg sjukdom.
Denne arbeidsmåten har vi gode erfaringar med. Ein fordel med å ha lav terskel for aktivering er at vi blir ofte brukt. Dermed blir vi kjent i bygdene, dette trur vi er tillitsskapande. For teamet sin del så blir vi godt kjende med kvarandre, dette er bra for god handtering av psykososiale saker.
Kva er god hjelp?

Psykososial støtte tilpassast individuelt etter behov kvar enkelt kriseramma har. Viss eg likevel skal samanfatte nokre felles behov som vi opplever at kriseramma har på kort sikt, så er det behov for faktainformasjon om kva som har hendt, kva skjer her og no og kva skjer i nær framtid. I tillegg skal vi gje omsorg til dei i krise. På «lengre sikt», og i ein prosess over 1-2 dagar, skal vi overføre dei i krise til det ordinære hjelpeapparatet, eventuelt hjelpe dei til hjelp frå sitt eige nettverk.
Den 22.7. 2011 vart ei ung kvinne frå Stryn drepen på Utøya. Kriseteamet si aktivering varte i 14 dagar ut frå mange spesielle tilhøve. Det var stort behov for faktainformasjon. Psykososialt kriseteam heldt fleire informasjonsmøte dei fyrste dagane der 100-150 personar kom på kvart møte. Medlemar i teamet ga informasjon vidare etter kvart som vi fekk informasjonen sjølv. I dagane etter heldt vi ope hus i Stryn sentrum der dei mange som var sterkt berørt av hendinga kunne kome saman for ein prat, fellesskap og meir informasjon. Dei næraste etterlatne vart følgt opp av fleire, m.a. eigen oppnemnt kontaktperson, som også var prest i kriseteamet. Under aktiveringa hadde vi nært samarbeid med fleire frivillige organisasjonar, m.a. Røde kors, som vi også i andre aktiveringar har samarbeidd med.
Samansetting; Psykososialt kriseteam har denne i samansettinga i prioritert rekkefylgje;
1. Psykisk helsearbeidar. Leiar i teamet. Har personleg vara ved fråvær
2. Kommunelege. Vara er legevakttenesta ev. aktuell fastlege for den kriseramma
3. Sokneprest. Vara er prest i beredskap
4. Lensmann. Har personleg vara.
5. Skule/barnehage/PPT. Har personleg vara
6. Helsestasjon. Har personleg vara.
7. Barneverntenesta. Har personleg vara.
Barneverntenesta var den hittil siste instans som kom inn i teamet som fast medlem. Årsaken til at dei kom med er at det er erfaring for at det alltid er eit barn involvert, anten direkte ramma eller i nærheiten av den/ dei som er ramma. Barneverntenesta er vant til akutt hjelp til barn og unge, har ofte god oversikt over barn i bygdene og er ein handlekraftig instans som er vant til å samarbeide på tvers av fag og instansar.
Når ein elles ser på samansettinga av teamet ser vi at det er fleire instansar som kan ha særleg blikk på barn og unge sine behov. Dette meiner vi er bra, for barn og unge treng særleg hjelp i ein krisesituasjon.
Utskifting av medlemar i teamet
I Stryn har vi hatt eit stabilt kriseteam i mange år. Utskiftingar har vore knytt til skifte av jobb, eller personlege ynskje om eit skifte, permanent eller i ein periode. Det kan vere belastande å møte menneske i krise over tid, og det er sunt å kjenne på belastinga, og å ta konsekvensen av den. Å be om avløysing frå oppgåver i kriseteamet kan vere ein konsekvens.
Psykososialt kriseteam i kvardagen
Kvart år vert det laga ein møteplan med 4 planlagde møter kvart år. Psykososialt kriseteam sin kontinuitet ligg i dei planlagde møta. Vara møter dersom nokon melder fråfall. Medlemmer i teamet som har ansvar for konkrete saker under handsaming, orienterer dei andre slik at ein kan avgjere om saka kan avsluttast eller arbeidast med vidare. For å auke kompetansen best mogeleg, kan ein vurdere å invitere andre faggrupper til å delta på møter/kurs/seminar. Psykososialt kriseteam får over tid mange kontaktflater ein ønskjer å ta vare på best mogleg, t.d. legar, helsesøstrer, vara i kriseteamet, ambulansepersonell, Røde Kors mfl. Med dette utgangspunkt ønskjer ein å halde kurs, gjerne med ekstern kurshaldar.
Kompetansebygging
Kurs og praktisk erfaring er viktig for kompetansebygging. Erfaring får vi i kvar krise og i dialog med kvarandre, og vi får kunnskap ved hjelp av kurs.
Av kurs for kriseteamet spesifikt må nemnast Kriseteamskulen, som er eit felles kurs for fleire psykososiale kriseteam i regionen, arrangert av RVTS. Dette var også nyttig for utveksling av erfaringar mellom fleire kriseteam. Det er og etablert eit nettverk av kriseteam i Nordfjord, der vi bytar på å arrangere kurs for kvarandre ein gong i året. Inge Nordhaug og Atle Dyregrov har vore gode førelesarar på slike nettverkssamlingar.
I Stryn kommune har det vore arrangert fleire kurs der psykososialt kriseteam og aktuelle samarbeidspartar har deltatt, t.d. VIVAT(kurs i sjølvmordsførebygging), og elles felles kurs der brann, politi og ambulanse og frivillige deltar, arrangert anten av kriseteamet, av RVTS, eller av Norsk Luftambulanse, der brann var arrangør.
Aktivering av psykososialt kriseteam
Psykisk helsearbeidar er administrativ leiar av psykososialt kriseteam og har koordinerande ansvar for å setje i gong arbeidet i akutte situasjonar. Alle medlemar i psykososialt kriseteam skal varslast ved aktivering. Viss fast medlem ikkje kan stille, sørgjer kvar medlem for at aktuell vara vert aktivert. Når barn / ungdom er direkte involvert, skal terskelen for å kalle saman psykososialt kriseteam vere ekstra låg.
I nokre saker har det vore aktuelt å kople andre fagpersonar inn, t.d. lokal sokneprest, fastlegen eller legevakta. Dersom t.d. legen i teamet ikkje er tilgjengeleg for arbeid i det psykososiale kriseteamet i ein akutt situasjon og det er trong for legebistand, er det vakthavande lege som må ta medisinsk ansvar.
Debriefing av psykososialt kriseteam
For å debriefe må ein på førehand ha vore ”briefa” ved gode rutinar for krisehandtering. I møte set vi oss saman og snakkar om kva som skjedde, oppklarar eventuelle mistydingar, vi deler erfaringar, kjensler og reaksjonar. Det er viktig med god tid, at alle får kome til orde, og at det er eit bra klima for å famne reaksjonar som måtte kome. Sidan vi er samansett frå fleire instansar vil nokre debriefe med kollegaer, medan andre venter til vi kjem i fellesskap i kriseteamet.
U.t. har deltatt på debriefing til naudetatar, og har hatt innlegg om debriefing til aktuelle naudetatar sine medlemsmøte. Debriefing er tiltenkt hjelpeinstanser og ikkje til dei som er direkte kriseramma. Desse skal heller ha psykologisk fyrstehjelp.
Det psykososiale kriseteamet i Stryn har i nærmiljøet fått eit godt rykte for å vere aktive, lette å få tak i, og bra organisert. Det vert også trekt fram at vi har låg terskel for kontakt og at vi har tid til oppfølging utanom kontortid. Med unnatak av aktiveringa etter 22.7.11, der vi hadde skilt med «kriseteam» på oss, så møter vi dei kriseramma utan skilt, men presenterer oss med namn og funksjon. Dette gjer at nokre av dei kriseramma ikkje heilt har oppfatta at no møter dei medlemar av kriseteamet, og har sakna støtte frå kriseteam i etterkant. Dette syner at vi særleg i kriser må vere tydeleg i kommunikasjonen, men vi må også tenke at det viktige er at dei får hjelp, og ikkje kor hjelpa kjem frå. Og så kan vi jo vurdere å bruke skilt kvar gong. Tilbakemeldingar frå kriseramma er at dei i hovudsak har vore positive til den hjelpa dei har fått. Også frå enkeltpersonar i den ramma sitt nettverk har vi fått tilbakemelding om at det var bra at vi var til støtte i ei krise, og at vi også gav støtte til nærpersonar rundt den kriseramma. Å hjelpe nettverket til å fungere støttande er ein del av framtida for den kriseramma.