Medarbeidarane ved senteret har hatt ein travel vår med mykje undervisning og rettleiing av ulike tenester i regionen.
Antal besøkjande på nettsidene våre, facebook og twitter har fått ein skikkelig oppsving denne våren. Youtube-kontoen vår likeeins, mykje grunna videoen «Hvordan traumer former barnehjernen».
No ser vi fram til hausten, og særleg Septemberkonferansen 2015: Kriser og psykososialt arbeid som går av stabelen 3. – 4. september, med rekordmange deltakarar (250) allereie før sommarferien. Har du tenkt å melde deg på, er det lurt å ikkje vente for lenge. Du kan og få med deg pre-konferansen om traumer og evidens den 2. september.
Vi avviklar ferie i juli, og har redusert kapasitet denne perioden.
Takk for følget så langt og god sommar!