Aktuelt
SNAKKE med barn i barnehagen
- 31/05/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt avdekking Barn barnesamtalen Førebygging omsorgssvikt Overgrep Psykisk helse Seksuelle overgrep Tidlig innsats Traume Traumebevisst Vold Vold i nære relasjoner
Illustrasjonsfoto hentet fra Unsplash.com.
Vi er bedre rustet i dag til å avholde den vanskelige samtalen enn før prosjektet startet.
Pilotbarnehage i Stavanger
I region vest har vi hatt opplæringsportalen SNAKKE til pilotering i to barnehagar i Stavanger kommune.
Dei tilsette i barnehagen har fått undervisning i, og trening på å oppdage og snakke med barn som har det vanskeleg. Samstundes har dei fått rettleiing og konsultasjon frå RVTS Vest. Dei to barnehagane er nøgde med opplæringa, og er no klare for å vidareføre SNAKKE i det daglege arbeidet på eiga hand.
Barnehagane melder at det har vore særskilt nyttig at fleire instansar har vore involvert i undervisninga. Dei var til dømes på besøk hos Statens barnehus, noko som var med på å gi ei større forståing for kva som skjer etter at barnehagane har meldt ei bekymring. Besøket gav auka kompetanse og auka forståing av heilheiten i saksgangen.
Barnehagane kan fortelje at dei nyttar SNAKKE aktivt i kvardagen:
– «Snakke» brukes aktivt i hverdagen. Vi er bevisste hvordan vi svarer barnet i samtaler og øver på å stille åpne spørsmål. Vi tar oss selv på fersken når vi lukker samtalen i stedet for å invitere barnet til å fortelle mer.
Dei fortel også at dei er bevisste på at det er lett at kunnskapen ikkje vert vedlikeholdt, og at dei derfor har fokus på å halde oppe kompetansen i barnehagen. Som ein del av vedlikehaldet av kompetansen vert SNAKKE planlagt inn i barnehagen sitt årshjul.
Til hausten startar vi pilotering av SNAKKE i skulen.