Aktuelt
Skjult nettverk på Instagram
- 28/10/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar
Nyleg sendte NRK programmet Innafor, kor tema var sjølvmord på Instagram.
Vi er klar over at sårbar ungdom kan bli trigga av NRKs oppslag. Vi velger allikevel å dele saken på Facebook. Vi meiner at dette er noko vaksne som jobbar med ungdom som skadar seg eller har sjølvmordstankar bør vite om, og kjenne seg trygge til å tematisere.
– Dette Instagram-nettverket er ein annan type smitte, og som nok er mykje meir direkte og eigentleg mykje meir alvorleg. Me burde verkeleg vere opptekne av det. Både i fagfeltet, og ikkje minst i kontakten med kvar enkelt pasient, seier Fredrik Walby frå Nasjonalt senter om selvmordsforskning og – forebygging (NSSF) til NRK.
Det private Instagramnettverket har også ein støttefunksjon for dei det gjeld. Dei opplever ikkje at dei har fått god hjelp i hjelpeapparatet, og søker difor støtte hos kvarandre.
Dette gjer at det er særs viktig å ha fokus på kva som er god hjelp frå hjelpeapparatet, i møte med unge som skadar seg sjølv eller har sjølvmordstankar.
Relatert:
Trigger Warning (NRK sin dokumentar om instagramnettverket og historien til Andrine)
Slik støtter du ein venn som slit
Livet på timeplanen (Ressurside om forebygging av sjølvmord og sjølvskading)
Sjølvmord og smitte (Kronikk av Åse Mattson, RVTS Vest)
Hjelpetelefonar og anna hjelp
- Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117
- Mental Helse: 116 123
- Røde Kors: 800 33 321
- Kirkens SOS: 22 40 00 40
- Ved livstruande situasjonar, ring naudnummer 113
- helsenorge.no – hjelpeside