Aktuelt
Skal hjelpe fleire kommunar med å lage handlingsplan mot vald i nære relasjonar
- 28/11/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Førebygging Vold
Ein elektronisk rettleiar for utarbeiding av kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar vart lansert 26. november.
Rettleiaren skal bidra til å setje vald i nære relasjonar på dagsorden og styrke samhandling mellom ulike kommunale instansar for å gje best mulig bistand til valdsutsette. Hovedhensikten er å stimulere fleire kommunar til å utvikle ein handlingsplan om tiltak mot vald i nære relasjonar.
Rettleiaren er utvikla av dei regionale Ressurssentra om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging, RVTS, og Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress, NKVTS, på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet.
Les brev til kommunane med informasjon om rettleiaren.
Les artikkelen “Veileder lanseres” på RVTS Sør sine nettsider
Rettleiaren er tilgjengeleg her:
Veileder, kommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner
RVTS bistår kommunane i arbeidet med å utarbeide ein handlingsplan. I region vest kan du ta kontakt med RVTS Vest, ved Inge Nordhaug.