Aktuelt
Sjølvmord og smitte
- 03/05/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Barn etterlatte Førebygging Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging sjølvmordstankar Sjølvskading
Illustrasjonsfoto: unsplash.com.
Ei amerikansk studie fann at det var samanheng mellom serien “13 Reasons Why” og auke i sjølvmord blant ungdom.
I den forbindelse vart forskar og psykologspesialist Fredrik A. Walby ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og – forebygging (NSSF) intervjua av NRK radio for å kommentere funna. Han seier blant anna at
medan tradisjonelle medier har retningsliner for korleis ein skal omtale sjølvmord, så har denne serien sprengt alle grenser.
I samband med den første sesongen av “13 Reasons Why” skreiv psykolog Åse Mattson ved RVTS Vest ein kronikk om sjølvmord og smitte. Her skriv ho blant anna at dei fleste ungdomar vil kunne sjå serien utan å få reaksjonar på det, men det er viktig å vere klar over at det kan skape reaksjonar hos enkelte, og at ein då tar desse reaksjonane på alvor. I tillegg bør ein vere obs på yngre born som har sett serien, då den tar opp alvorlege tema som kan vere vanskelege for dei å bearbeide åleine.
Kunnskap om smitteeffektar er altså viktig, særleg for dei som jobbar med barn og unge, men sjølvsagt også foreldre og andre personar rundt ungdom.
RVTS Vest driv undervisning og rettleiing i saker som handlar om sjølvmordsførebygging, og nyleg lanserte vi nettressursen livetpatimeplanen.no. Her er det fleire ressursar for arbeid med førebygging av sjølvmord og sjølvskading hos unge. Ein finn óg lenker til informasjon om smitte.
RVTS Øst og NSSF har introdusert verktøykassen “13 Reasons Why Toolkit” i Noreg. I verktøykassen kan ein lese om korleis det kan opplevast for nokre ungdom/unge vaksne å sjå serien og den gir kvalifiserte, trygge råd til unge og omsorgspersonar, lærarar og presse.
I Helsedirektoratet sitt veiledende materiell for kommunane om forebygging av sjølvmord og sjølvskading kan ein lese om smitte i samband med sjølvmord og sjølvskading.
Relevant
Livet på timeplanen
Snakk om sjølvmordstankar. Det kan redde liv
Forebyggingsforum 2019: #SEMEG – Hva gjør vi når barn og unge sliter med selvmordtanker og selvskading?