Aktuelt
Sjølvmord, identitet og skam
- 13/02/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Barn Konferanse Psykisk helse Sjølvmord Sjølvmordsførebygging Skole

Illustrasjonsfoto: Annie Spratt, Unsplash
RKBU Vest og RVTS Vest inviterer til forebyggingsforum med fokus på sjølvmord, identitet og skam.
Tema som vert belyst er nullvisjon for sjølvmord, skam i sosiale medier, seksuell trakassering, rus, unge og sjølvmord og det å vere ung og skeiv i 2018.
Sistnemde tema er det journalist og programleiar Gisle A. Gjevestad Agledahl som skal førelese om. Gisle brukte mange år på å stå trygt i seg sjølv. Med eigne erfaringar i ermet, tek han i bruk forsking og målgruppekunnskap for å nøste opp i vår tids utfordringar knytt til identitet og seksualitet.
Foredraget tek utgangspunkt i tematikken frå NRK-serien «Jævla homo», men nyanserar og går djupere inn i materialet enn det er rom for på TV-skjermen. Kva behov har skeiv ungdom i dag – og korleis skal vi møte dei?
Forebyggingsforumet er for alle som har ein jobb kor dei møter unge, og ellers alle som er interessert i temaet. Arrangementet er utan avgift.
Gå til påmelding