Aktuelt
Septemberkonferansen 2021: Traumer og rus
- 28/04/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Førebygging Konferanse narkotikarelatert død Psykisk helse Rus Traume
Septemberkonferansen 2021 set søkelyset på traume og rus – veien inn og veien ut.
Forskning viser at svært mange av dei som strevar med rus også har traumeerfaringar. For oss som hjelparar er det vanskeleg å skilje om det er rusen eller traumene som skapar dei største utfordringane for personen som treng hjelp.
For å hjelpe menneske ut av rus, er det sentralt å forstå dei årsakene som ligg bak at dei i utgangspunktet begynte å ruse seg. Derfor ønsker vi å ha fokus på kva som kan vere veier inn i – og veier ut av rusen.
Traume og rus – frå ulike vinklar
– Vi har forsøkt å belyse temaet “traumer og rus” frå mange ulike vinklar, seier Åse Mattson, som saman med Gudrun Austad er leiar for årets konferansekomité.
– Det kjem førelesarar som har eigenerfaring med tematikken, det kjem nokon som skal snakke om erfaringar frå praksis i tenestene dei jobbar i og så kjem det forskarar som skal fortelje om si forskning på temaet. Frå USA har vi invitert Lisa Najavits som skal fortelje om sin terapimåte med brukarar som har samtidig traumeproblematikk og rusmiddelavhengighet.
- – Førelesarane på konferansen vil gi oss ei auka forståing av rus i eit traumeperspektiv, samt gi deltakarane nokre verktøy som gjer det lettare å hjelpe menneske som strevar med rus, seier Gudrun og Åse.
Digital Septemberkonferanse
– Septemberkonferansen har tradisjonelt vore ein møteplass for fagfolk både regionalt og nasjonalt, og vi har ambisjonar om at det skal vere slik i år også, seier Gudrun Austad.
– Konferansen får ei eiga landingsside kor det vert ei blanding av live stream av plenumsforedrag, samt tilgang til pre-innspelte parallelle sesjonar som vert moderert av førelesarane til visse tider.
– Det vert chat og musikalske innslag, og vi tek som alltid sikte på å gjere konferansen til ei god oppleving for deltakarane, både fagleg og sosialt.
Åse og Gudrun oppfordrar alle interesserte til å gå inn på septemberkonferansen.no. Her finn ein program og informasjon om alle forelesarar, og ikkje minst påmeldingsskjema. I år får dei første 300 som melder seg på, konferansen til redusert pris.