Aktuelt
Septemberkonferansen 2021
- 02/09/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Psykisk helse Rus Traume
RVTS Vest sin årlege konferansen om traume går av stabelen 9. – 10. september.
Konferansekomiteen har hatt ei to år lang ventetid, og ser fram til å endeleg gjennomføre programmet, som i år foregår digitalt.
Traume og rus – frå ulike vinklar
– Vi har forsøkt å belyse temaet “traumer og rus” frå mange ulike vinklar, seier Åse Mattson, som saman med Gudrun Austad er leiar for årets konferansekomité.
– Det kjem førelesarar som har eigenerfaring med tematikken, det kjem nokon som skal snakke om erfaringar frå praksis i tenestene dei jobbar i og så kjem det forskarar som skal fortelje om si forskning på temaet. Frå USA har vi invitert Lisa Najavits som skal fortelje om sin terapimåte med brukarar som har samtidig traumeproblematikk og rusmiddelavhengighet.
– Førelesarane på konferansen vil gi oss ei auka forståing av rus i eit traumeperspektiv, samt gi deltakarane nokre verktøy som gjer det lettare å hjelpe menneske som strevar med rus, seier Gudrun og Åse.
Digital Septemberkonferanse
– Septemberkonferansen har tradisjonelt vore ein møteplass for fagfolk både regionalt og nasjonalt, og vi har ambisjonar om at det skal vere slik i år også, seier Gudrun Austad.
– Konferansen får ei eiga landingsside kor det vert ei blanding av live stream av plenumsforedrag, samt tilgang til pre-innspelte parallelle foredrag . Dei som har meldt seg på vil få tilsendt lenke med innlogging til konferansenettsida allereie i starten av veka (mandag 6. september). Sjølve hovedprogrammet med streaming av plenumsforedraga skjer 9. – 10. september.
– Det vert chat og musikalske innslag, og vi tek som alltid sikte på å gjere konferansen til ei god oppleving for deltakarane, både fagleg og sosialt.
Fullt program og informasjon om forelesarar finn du på www.septemberkonferansen.no.