Aktuelt
Septemberkonferansen 2019: Traumer og læring
- 27/02/2019
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Konferanse Psykisk helse Septemberkonferansen Traume
Ingen kommentarer
Å lære er essensen ved å vere eit menneske. Det handlar ikkje berre om å tileigne seg ny kunnskap. All utvikling som skjer, er læring, også det å bli trygg, få utvikla sitt sanseapparat og si evne til å regulere sine kjensler. Traumatiske erfaringar forstyrrar desse prosessane, på mange plan.
Septemberkonferansen 2019 set søkelyset på «Traumer og læring». Eit viktig tema er korleis traumer har innverknad på barn og unge si utvikling, og kva implikasjonar dette har for korleis dei best kan møtast i skulen og i hjelpeapparatet. Hovedforelesar, Stuart Ablon, er ein av dei aller fremste internasjonale fagpersonane og foredragshaldarane på dette fagområdet.
Konferansen har også fokus på korleis traumer preger læring og fungering på ulike arenaer gjennom heile livet.
Programmet er relevant for fagpersonar innan alle helse- og sosialtenester, skule/barnehage, flyktningetenester, politi, med fleire.
Gå til Septemberkonferansen si nettside