Aktuelt
Sårbare migrantar i Romania
- 23/04/2015
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Flyktninghelse Flyktningteamet Førebygging Kriser

RVTS Vest er med i eit prosjekt om å utvikle gode helsetenester for sårbare migrantar i Romania, under ordninga EEA Norway Grants.
- Presentasjon av korleis RVTS jobbar.
Patrick O’Loughlin og Rolf Vårdal i fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon er denne veka i Bucuresti i samband med dette prosjektsamarbeidet. Dei deltek saman med danske kollegar på ein to dagars workshop for tilsette i ICAR Foundation, i tillegg til «Nordic Models for the Integration of Migrants», eit dagsseminar om norsk og dansk tilnærming til feltet.
Dette arrangementet har også gjestar utanfrå, samt bidragsytarar frå Bergen kommune og Transkulturelt Senter i Stavanger.
- Rolf Vårdal demontrerer ein gruppeaktivitet som kan brukast i møte med alle typar menneske, for å bryte isen, trene på å fokusere og løyse oppgåver saman, og ikkje minst – få fram smil og leikelyst.
ICAR Foundation har tidlegare hatt to delegasjonar på besøk hos RVTS Vest og fått mange innspel i høve å utvikle best mogelege tenester under arbeidsforhold som er langt vanskelegare enn våre.
ICAR Foundation har arbeidd med sårbare grupper i Romania sidan 1992, og ynskjer å rette fokuset meir mot migrantar som kjem dit.
Prosjektet er finansiert av EEA Grants 2009-2014 gjennom NGO fondet i Romania.
Besøk ICAR Foundation sine nettsider.