Aktuelt
Samtalar med barn
- 02/09/2016
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn barnesamtalen Førebygging omsorgssvikt Psykisk helse Seksuelle overgrep Traumebevisst Unge Utviklingstraumer Vold

Stavanger 2. september: Linda Kvalvik og Reidun Dybsland underviser om samtalar med barn for over 90 fagarbeidarar som arbeider med barn og unge i regionen.
Det er Fylkesmannen i Rogaland som arrangerer kurset som skal gje kommunetilsette betre kompetanse og tryggleik i å snakke med barn som gir signal om at dei har det vanskeleg. Kurset, som går over to dagar, legg vekt på både teori og praktisk trening.
Ingrid Baltzersen og Ann Therese Madland jobbar på institusjon for einslege mindreårige flyktningar (EMbo). Dei har begge lang utdanning, men utdanningane har ikkje hatt fokus på samtalar med barn og unge. Dei opplever kurset som nyttig og naudsynt. «Vi snakkar ofte med ungdommane våre om traume, både frå barndom og frå krig og flukt». Dei ser at ungdommane er prega av sine livserfaringar og meinar det er viktig at dei som jobbar med traumatiserte ungdommar kjenner seg trygge og kompetente i samtalen. «Eg likar eigentleg ikkje rollespel, men ser at det har nytteverdi», seier Ingrid Baltzersen. Begge deltek på opplæring i Traumebevisst omsorg (TBO) for EMbo og tenkjer at samtalar med barn godt kunne vore ein del av TBO opplæringa.
Grete Kristoffersen er styrar i ein barnehage. «Dette kurset er kjemperelevant og det vi har vore gjennom vil eg ta med tilbake til personalgruppa mi. Kurset gir oss konkrete verktøy og vi får trent på samtalen. I barnehagen opplever vi at det kan vere ei utfordring å lære barn om nyansar i verda, om ulike opplevingar barn kan ha. Barn er tilpasningsdyktige og dei trur ofte at slik dei har det i sin familie også gjeld for andre. Vi har ein jobb å gjere for å formidle at nokon barn kan oppleve ting heime, som ikkje er greit. Det å snakke om gode og vonde hemmelegheiter kan vere ein måte å legge til rette for at barnet kan fortelje dersom dei har med seg vanskelege opplevingar», seier Kristoffersen. Ho gledar seg til den praktiske treninga.

Andre deltakarar om kurset
Fantastisk opplegg, så VIKTIG. Masse kjent, men dette burde vi ha jevnlig. Og alle som jobber med barn må ha dette!
Synes dette var et flott og nyttig kurs som spesielt alle styrere/rektorer burde hatt jevnlig!
Dersom du er interessert i dette kurset; sjekk ut Fylkesmennene sine nettsider for informasjon om kommende kurs.