Aktuelt
Samarbeid i Vest presentert i Europakommisjonens radikaliseringsnettverk
- 26/10/2020
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Psykisk helse Radikalisering Voldelig ekstremisme
RVTS Vest og Vest politidistrikt har lenge hatt eit samarbeid om forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme.
Dette har blant anna vore gjennom TOT-modellen, som er eit operativt samarbeid på tvers av fag og verksemder for å forebygge radikalisering.
Denne månaden fekk Elisabeth Harnes og Pål Tore Haga gleda av å representere Noreg på Europakommisjonens RAN-nettverk (Radicalizatiton Awarness Network). RAN arrangerte ei samling om “Forebygging og avdekking av soloterrorisme” for politisektoren i Europa.
I følge forskning er det dokumentert større sårbarheit for psykisk uhelse blant soloterroristar enn hos gruppeterroristar.
For å forebygge soloterrorisme er det derfor naudsynt med adekvat avdekkingskompetanse, risikovurderingsverktøy og tverretatlege tiltak. Dette inkluderer tilpassa miljøterapeutisk oppfølging og psykiatrisk behandling. RAN via derfor halve samlinga til fokus på mental helse, med mål om å auke kunnskap og kompetanse om temaet i politiet.
– I den anledning fekk vi løfta fram det gode tverretatlege samarbeidet i Vest og fremme TOT-modellen og metodikken vi nyttar i vårt arbeid med forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme i Bergen, seier Elisabeth Harnes og Pål Tore Haga.
– Dette er ein tverrfagleg modell som fleire kommuner ser til, som fungerer og har høg prevantiv verdi, avsluttar dei.
Vil du vite meir om vårt arbeid med forebygging av radikalisering og valdeleg ekstremismen? Kontakt Elisabeth Harnes.