Denne veka har vi hatt besøk av professor Henrik Belfrage frå Sverige.
Han har vore to dagar i Stavanger og to dagar i Bergen for å gi opplæring i risikovurdering og formulering.
Fokus har vore på risikovurdering av vald i nære relasjonar ved hjelp av verktøyet SARA V3 og risikovurdering av æresrelatert vald ved hjelp av verktøyet PATRIARK.
Dagane har inneholdt tema som: Etiske utfordringar ved risikovurdering, ulike typar valdsutøvar, risikohandtering, sårbarheitsfaktorar, risikoformulering, dokumentasjon av risikovurdering og handtering, scenarioarbeid og case-arbeid.
Kring 70 personar frå samtlige krisesenter i region vest, politi frå Vest og Sør-Vest politidistrikt, Støttesenter for kriminalitetsutsatte og familievernkontor har delteke på desse samlingane.
Opplæringa har kome i stand som eit resultat av godt samarbeid mellom RVTS Vest, krisesentra i region vest, Stavanger kommune og Helse Bergen.