Aktuelt
På tvers av kulturar
- 03/10/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Førebygging Psykisk helse
Dei kjem frå tre kontinent, men har det til felles at dei alle har barn i skulealder. – I mitt heimland er det både familien og naboen sitt ansvar å oppdra barn, fortel Hewit frå Eritrea som deltek i ei ICDP-gruppe.
Av Eli Gunnvor Grønsdal
Det vesle rommet på Katedralskolen er fylt av krydderlukta frå injera fylt med linser, kjøt og chili. På stolane rundt sit deltakarane i foreldregruppa; Lienite frå Latvia, Josephine frå Filippinane, Hewit frå Eritrea og den einaste mannen i flokken, Awad frå Sudan.
Psykologspesialist Patrick O’Loughlin frå RVTS Vest og minoritetsrådgjevar Elisabeth Harnes frå IMDI, har leia gruppa som har møttes ein gong per veke i 12 veker.
– Velkommen attende til gruppa. Har de hatt ein fin sommar, spør Patrick dei fire deltakarane.
Frå å ha tenar, til å bli tenar
Latviske Lienite har to barn på 16 og 19.
– I løpet av desse møta har eg fått ny innsikt. Eg har fått vite noko om korleis eg skal oppføre meg som forelder her i Noreg. Eg har òg fått kunnskap om korleis skulesystemet fungerer. Eg er òg veldig glad for at eg har fått lære meir om andre kulturar og når vi møtst har vi ofte med oss mat frå våre respektive land.
Josephine har fire born. To i Noreg som er 11 og 17. Attende på Filippinane sit to, medan mamma er i Noreg.
– Det verste for meg har vore språket. Eg har vore her i to år, men går framleis på skule. Det er umogleg å få jobb når eg ikkje snakkar godt norsk. På Filippinane arbeidde eg i bank og hadde tenar. No er eg tenar.
Josephine syns det har vore ein stor overgang.
– Eg klagar ikkje, men overgangen har vore stor. No arbeider eg som barnepassar dann og vann. Det positive er at eg har meir tid til å vere med sonen min her i Noreg. Her i gruppa treff eg andre som òg slit med dei same problema som eg har. Det er ei fin støtte.
Frå kontroll til dialog
Awad, som har to jenter på 11 og 18 og ein gut på 15, alle fødd i Noreg, er fornøgd med å vere den einaste mannen i flokken.
– Å få nye tankar om barneoppseding har vore svært nyttig. I min kultur er det ofte vanleg å kontrollere. No har eg fått auga opp for meir dialog og å vise barn meir respekt.
Sudanaren er utdanna ingeniør, men har ikkje fått noko arbeid i Noreg.
– Det er vanskeleg ikkje å få moglegheita til å arbeide. For å bevare sjølvrespekten kler eg på meg kvar dag og går ut saman med ungane når dei skal på skulen. Eg vil vise dei at eg gjer noko.
Awad er skilt.
-Denne gruppa har òg hjelpt meg slik at eg får ein best mogleg dialog med mi ekskone om ungar og barneoppseding.
Eg vil vaske
Hewit frå Eritrea har vore i Noreg i tre år. Ho har tre døtrer på 10, 15 og 17.
– Eg har bak meg ei lang karriere frå militæret kor eg blant anna arbeidde i Ministry of Defence. Det har derfor vore svært vanskeleg for meg å ikkje få nokon jobb. Eg ønskjer eg kunne fått meg ein vaskejobb, slik at eg kunne tene mine eigne pengar. Det er godt å sjå at mine venner her i gruppa òg slit med dei same problema, sjølv om alle kjem frå andre kulturar enn meg.
Hewit fortel at ho kjem frå ein bakgrunn med svært streng barneoppseding.
– Frå barna er født til dei er 18 år er det foreldra og resten av familiemedlemmane som kontrollerer barna sin oppseding. Når dei er 18, må dei i militæret. Det er eit hardt regime.
Då gret eg høgt
Dei fire deltakarane kom til Noreg på ulikt grunnlag. Lienite har gjort seg nokre tankar om det.
– Å få kjennskap til mine venner i gruppa sin bakgrunn og at dei ikkje kan returnere til heimlandet sitt, ikkje ein gong på besøk, har gjort meg meir audmjuk ovanfor mine eigne problem. Eg syns mange av mine problem er bagatellar i forhold til kva dei andre slit med. Eg har lært mykje om verdiar i livet. Sjølv om vi er frå heilt ulike kulturar har vi ei felles utfordring med omsyn til integrering og vi finn støtte i kvarandre.
Awad som har budd lengst i Noreg, syns alle foreldre skulle få tilbod om å vere med i ei slik gruppe.
– Eg har hatt stor utbytte av å vere med i gruppa. Eg kan òg bidra litt med omsyn til idear og løysingar fordi eg har vore i Noreg i mange år. Eg syns det er fint at deltakarane er frå ulike kulturar og av ulikt kjønn. Då har vi noko å tilføre kvarandre.
Josephine har hatt stort utbytte av å lære meir om barneoppseding.
– I min kultur er vi svært strenge. Når eg no prøver å irettesette sonen min og han ikkje lystrar, går eg no i dialog med han for å finne ut kva som er problemet. Om eg held fram med å vere streng, seier sonen min; «Om du ikkje sluttar no opnar eg vindauget og gret så høgt at alle høyrer det. Då kjem politiet og tek deg». Han veit kva som er lov og ikkje i Noreg, seier ho og ler.
Injeraen er nesten oppeten og vi får servert latvisk brød og honning. Ein drikk te og kaffi og stemninga er god. Alle ønskjer at gruppa skal fortsette og har til og med forslag til andre som òg kunne tenkje seg å delta. Gjestfriheita er stor i den vesle gruppa og dei inviterer til og med underteikna med.
[box ]
Om ICDP
ICDP (International child development program) er eit enkelt, kultursensitivt og førebyggjande program som har som mål å styrkje omsorga og oppveksten for barn og unge. ICDP baserer seg på nyare kunnskap om tilknytingsteori. Programmet vart utvikla ein gong på slutten av 80-talet, men først i 1995 tok staten initiativ til å starte systematisk foreldrerettleiing.
ICDP er utvikla av eit norsk team leia av blant andre professor Karsten Hundeide. Programmet er internasjonalt og blir brukt i 20 land.
– Dette er eit kultursensitivt program som kan brukast kor som helst i verda, seier Grete Flakk, seniorrådgjevar i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. – Tanken er at alle verdas barn har nokre grunnleggjande behov dei bør få dekt. At programmet er kultursensitivt vil seie at vi som nordmenn ikkje skal legge føringar og pådytte våre verdiar ovanfor andre kulturar, men derimot hente fram andre kulturar sine verdiar.
Flakk tenkjer at sjølve ICDP programmet er ramma, mens innhaldet vert skapt av deltakarane uansett kor dei er i verda.
– Ved å invitere til diskusjon får foreldre hjelp til å sjå verdiar av egne tradisjonar. Det er på bakgrunn av dette at vi kallar programmet «eit reflekterande program».
Flakk tek eit eksempel frå programmet.
– Alle ønskjer å gje kjærleik til sine barn, men vi kan ikkje gje foreldre instruks om å gje kjærleik. Vi kan derimot spørje innvandrarforeldre; «Korleis gir de kjærleik i din kultur?» På denne måten får vi foreldre til å reflektere.
Problem i vest
Vibeke Heitmann representerer Bufetat i Bergen kommune og har ansvar for implementeringa av ICDP i kommunen.
– Bufetat har på landsbasis i oppgåve å utdanne og følgje opp rettleiarar i programmet, slik at kommunen får kompetanse og kan tilby innvandrarforeldre å vere med i grupper. Her i Bergen har Bufetat samarbeida med RVTS vest. Samarbeidet har fungert bra, men no har Bufeatat sagt stopp på grunn av økonomi i forhold til personalressursar. Vi må derfor legge ein plan for kven som skal ha ansvaret for den vidare opplæringa. Vi kunne ønskje at oppgavå skal ligge i Bufetat og at vi kan samarbeide med RVTS Vest slik vi har gjort dei siste åra. Det har vore fruktbart.
Patrick O`Louglin frå RVTS Vest beklagar at det gode samarbeidet med Bufetat no tek slutt.
– Vi har hatt stor nytte av kvarandre. Bufetat har ei stor kontaktflate innanfor område barn og unges oppvekst i regionen, som også vi i RVTS vest har hatt stor nytte av. Vi i RVTS Vest må sjå på personalressursane her på senteret i forhold til å vidareføre arbeidet uavhengig av Bufetat.
Ny strategiplan
Flakk fortel at det nå er komme ein ny strategiplan «Barndommen kommer ikke i reprise» kor det er lagt statlege føringar på å bruke blant anna ICDP-programmet i foreldreopplæringa.
– I samband med organisatoriske endringar i Bufetat har vi utfordringar med omsyn til kven som skal gjennomføre opplæring av nye rettleiarar i kommunen. Dette må vi snarast mogleg få på plass.
[/box]