Aktuelt
Nytt transkulturelt senter i Stavanger
- 15/12/2014
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Flyktninghelse Førebygging

For mange asylsøkjarar og flyktningar som har opplevd tortur eller slit med krigstraumer er det vanskeleg å få hjelp.
Dei kjenner ikkje «systemet» og oppsøker ikkje hjelp på grunn av for mange barrierer for behandlar og pasient. Og når dei vert kjent med systemet så hender det at dei ikkje opplever seg tilstrekkeleg forstått.

Noregs første transkulturelle senter som behandlar asylsøkjarar og flyktningar er opna i Stavanger. Transkulturelt senter skal jobbe med traumatiserte asylsøkjarar og flyktningar i alle aldersgrupper uavhengig av asylstatus, og jobbar direkte med pasientretta arbeid, konsultasjonsverksemd, rettleiing og undervisning.
Målet er å bidra til at traumatiserte asylsøkjarar og flyktningar får eit likeverdig helsetilbod, og eit godt tenestetilbod som ivaretek deira psykiske helse. Senteret samarbeider tett med viktige aktørar i flyktningfeltet: Primærhelsetenesta, andrelinetenesta, asylmottak og flyktningeretta verksemd i kommunane, skular som har stor andel flyktning- og asylbarn, barnevern og PPT samt bustadar for einslege mindreårige flyktningar.
– Vårt team har lang erfaring med behandling av flyktningar med alvorlege krigstraume hos både vaksne og barn, og vi ynskjer å ha eit tydeleg familiefokus på arbeidet, seier Bodil Irene Høyer som er klinisk sosionom og individualpsykoterapeut ved senteret.
– Vår styrkje er lang erfaring og fagleg kompetanse. Vi har eit breitt nasjonalt og internasjonalt nettverk rundt oss kor vi hentar fagleg påfyll og inspirasjon, seier ho.
Transkulturelt senter i Psykiatrisk divisjon ved Stavanger universitetssjukehus er eit toårig pilotprosjekt finansiert av Helse Vest.