Aktuelt
Ny runde mentoropplæring i 2022
- 07/09/2021
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt Kommunen sitt arbeid med forebygging av vald Psykisk helse Radikalisering Utenforskap Voldelig ekstremisme
Rekruttering av nytt kull til mentoropplæring om radikalisering og valdeleg ekstremisme er snart i gang.
Mentoropplæringa skal skal utruste deltakarane med ei haldnings- og handlingskompetanse som gjer dei i stand til å fange opp og jobbe med personar som:
- står i fare for å gå inn i ein radikaliseringsprosess
- har vore eller er ein del av ekstremistiske nettverk
- har returnert frå irregulær krigføring i konfliktområde
- er barn av fremmedkrigarar
- samt desse gruppene sine pårørande og utvida familienettverk
Målgruppe for utdanninga er personar som har ei kontaktflate oppimot sårbare unge, vaksne og deira pårørande.
Egnethet og forankring
Utdanninga vektlegg at deltakarane er personleg eigna, har relevant fagbakgrunn og jobbkontekst.
Forutsetning for opptak er at tenester som søker har ein implementeringsplan for bruk av utlærde deltakarar; for eksempel som miljøterapeutiske mentorar, medlem i kommunale ressursteam, radikaliseringskontaktar i politiet eller som ressurspersonar på sin arbeidsplass.
Kva får kommunane/instansane som sender deltakarar på mentorutdanning:
- Konkret ressurs til bruk i eigne radikaliseringssaker
- Kompetanse i eigen organisasjon
- Interkommunalt tiltakssamarbeid og samarbeid med frivillige organisasjonar
- Kompetanse som kan inn i relevant planarbeid knytt til radikalisering og valdelig ekstremisme
Utdanninga går over tre samlingar med totalt 9 dagar med følgande tidspunkt:
- 19. – 21. januar (Fysisk samling i Bergen)
- 2. – 4. februar (Digital samling på Teams)
- 16. – 18. februar (Fysisk samling i Bergen)
Les meir om utdanninga, eller ta kontakt med koordinator for RVTS Vest sitt arbeid med radikalisering og valdeleg ekstremisme, Elisabeth Harnes.