Aktuelt
Ny runde med opplæring i sinnemestring Brøsetmodellen
- 17/01/2024
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Kurskalender
Illustrasjonsfoto.
Sinnemestring Brøsetmodellen er eit utdanningsprogram for fagfolk som møter utøvarar av vald i nære relasjonar.
Hausten 2024 og våren 2025 vert det ny runde opplæring for fagfolk i vår region.
Fagleg innhald:
Sinnemestring Brøsetmodellen bygger på kognitiv evidensbasert teori, og innføringsseminaret i kognitiv terapi er inkludert i kurset og godkjent av Norsk Forening for Kognitiv Terapi. Modellen er program- og manualbasert, og gir opplæring i gruppe- og individualbehandling. Det er utvikla manualar og arbeidsbøker for begge tilnærmingane og ein eigen manual for tilesette i kriminalomsorgen. Det er også ein ungdomsmanual.
Målgruppe:
- Tilsette i kommunale tenester innanfor psykisk helse, rusfeltet, barneverntenesta og ungdom med aggresjonsproblem.
- Tilsette i familievernkontor, DPS, eller andre delar av spesialisthelsetenesta samt tilsette i kriminalomsorgen (friomsorg eller fengsel).
Søkjarar bør ha 3 årig helse- eller sosialfagleg utdanning.
Sinnemestringstilbodet må forankrast i leiinga, slik at det er mogeleg å praktisere i eiga verksemd.
Praktiske opplysningar:
Sinnemestringsutdanning i Bergen høsten 24 – våren 25:
1. samling:
Uke 40, onsdag til fredag: 2.10.-4.10.2024
2. samling:
Uke 47, onsdag til fredag: 20.11.-22.11.2024
3. samling:
Uke 5, torsdag-fredag: 30.-31.01.2025
4. samling:
Uke 11, torsdag-fredag: 13.-14.03.2025
5. samling:
Uke 17, torsdag-fredag: 24.-25.04.2025
Hjemmeeksamen: 14.05.2025
Utdanningsprogrammet er støtta av Helsedirektoratet, og det er ingen kursavgift. Det vert servert lunsj.
Frist for å søke er 1. mars 2024. Svar kommer så snart som mulig etter dette.
Nettverkssamling
Dersom du har gjennomført Sinnemestring Brøset-modellen, kan du delta på nettverkssamling 4. – 5. april 2024.