Aktuelt
Ny podkast-episode med Inge Nordhaug og Reidar Thyholdt
- 09/11/2018
- Av: RVTS Vest
- Kategori: avdekking Barn omsorgssvikt Overgrep Podcast Podkast Psykisk helse Ressurser for avdekking av seksuelle overgrep Seksuelle overgrep Skadelig seksuell atferd Tidlig innsats Traume Unge Utviklingstraumer Vold Vold i nære relasjoner
Ingen kommentarer
Fordelt på to podkastar samtalar Reidar Thyholdt og Inge Nordhaug, om boka “Kva ser vi – kva gjer vi”.
Boka handlar om skulen og barnehagen sine oppgåver når det gjeld å avdekke og handle om dei mistenker vald, seksuelle overgrep og omsorgssvikt.
I boka «Kva ser vi, kva gjer vi?» gir Inge Nordhaug anbefalingar til alle som arbeider med barn til dagleg. Det gjeld særleg tilsette i barnehagar og skular, og råda er i forhold til kva ein bør gjere dersom ein er bekymra for mulige overgrep. Inge har mange år erfaring med undervisning og rettleiing om dette temaet og råda hans er svært praksisretta.
– Forskning har bekrefta det som mange i feltet har hatt ei kjensle av; nemleg at dei alvorlege tinga i barns liv vert oppdaga altfor seint – når det har blitt vanskeleg å gjere noko med det, seier Inge Nordhug.
Høyr del 1 av podkasten:
Høyr 2 del av podkasten: