Aktuelt
F.v: Astrid Mohus, prosjektleiar for revideringa av Trygg til handling og Linda R. Kvalvik, områdeleiar for barn og unge, RVTS Vest.
Trygg til Handling er ein digital opplæringsressurs som skal styrke vaksne som møter barn, ungdommar og familiar som opplever vald og seksuelle overgrep.
Saman med Statsforvaltaren i Vestland har vi revidert Trygg til handling. Statsforvalteren i Vestland har bidrege med innsikt i kva kommunar og tenester i vår region treng i oppfølging av barn og familiar. Ei tilbakemelding var ønske om korte og tidsbesparande modular som kan brukast i arbeidskvardagen. Vi har forsøkt å imøtekomme dette i nye Trygg til handling.
Kva er nytt med Trygg til handling?
– I denne versjonen er det førebels fire korte videoar med tilhøyrande summeoppgåver, samt eit arbeidshefte som kan brukast i intern opplæring, seier Astrid Mohus som har vore prosjektansvarleg for revideringa.
Kva får du av Trygg til handling?
– Opplæringsressursen skal gje deg trygghet til å sjå, spørre og handle i møte med vald og seksuelle overgrep, seier Astrid. – Du får ei innføring i omfang og konsekvensar av vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom, samt korleis ein kan snakke om viktige tema. Trygg til handling er og ein inngangsport til andre ressursar, som til dømes snakkemedbarn.no, jegvet.no og seksuellatferd.no.
Kven kan bruke Trygg til handling?
– Alle som møter barn og unge, gjennom arbeid eller privat, kan bruke Trygg til handling, seier områdeleiar barn og unge, Linda R. Kvalvik frå RVTS Vest. – Trygg til handling er enkel å bruke, samtidig som den legg til rette for refleksjon og gruppearbeid. Ein treng ingen førkunnskap, og programmet passar til intern opplæring og kompetanseheving.
Den 10. februar inviterer vi til eit gratis kurs i Trygg til handling. Ved å delta på kurset, får du ei innføring i Trygg til handling, slik at du kan ta denne i bruk i di teneste/avdeling. Som kursdeltakar deltek du også i fokusgruppeintervju, som vi vil bruke til evaluering og vidareutvikling av opplæringsprogrammet. Maks 20 plassar. Gratis lunsj.