Aktuelt
Ny nettressurs: Menneske treng menneske
- 24/10/2023
- Av: RVTS Vest
- Kategori: Aktuelt
Beate Gauden håper at filmane Helande fellesskap, Aktivering og regulering og Kultursensitivitet, bidrar til auka tryggleik. Beate er spesialkonsulent/spesialpedagog ved RVTS Vest. Foto: RVTS Vest
Menneske treng menneske er for frivillige lag og organisasjonar som ynskjer å bli tryggare i møte med menneske med fluktbakgrunn og traume.
Nye undersøkingar nasjonalt synleggjer at flyktningar deltek mindre i samfunnet og i frivillig arbeid enn etnisk norske innbyggjarar1. I tillegg syner forsking at dei aller fleste som kjem nye til landet vårt ynskjer å bidra.
– Då vi veit kor viktig det er med sosiale fellesskap for å kjenne tilhøyre og unngå utanforskap, ønska vi å lage ei nettside for frivilligheita, med kunnskap om korleis bli tryggare i møte med menneske med fluktbakgrunn, seier Beate Gauden, fagansvarleg for nettressursen. – Både i samarbeid med Røde Kors og DNT/Stavanger Turistforening har vi fått informasjon frå frivillige om at dei ynskje kunnskap om traumer og kva som er lurt/ikkje lurt.
– Frivilligheita kan ha ei sentral rolle i alle mennesker sine liv. For menneske utan familie og med lite nettverk kan det å ha gode møteplassar på fritida vera avgjerande for deira psykiske helse, seier Beate.
Tre filmar skal bidra til auka tryggleik
– Dei tre filmane handlar om det helande fellesskapet, aktiviering og regulering samt kultursensitivitet, fortel Beate. – Alle filmande har tilhøyrande refleksjonsspørsmål og lenker til andre relevante ressursar. Innhaldet er eigna for deling til Frivillighetssentraler, lag og organisasjonar, politikarar og andre interesserte.