Linda R. Kvalvik er ny medarbeidar i fagteam vald og seksuelle overgrep.
Linda er utdanna barnevernspedagog frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, og har jobba i barnevernet sidan 1997. Der har ho jobba med mykje forskjellig; mottak, undersøkingar, tiltak og fosterheim. Dei siste to åra har ho jobba med fagutvikling, særleg innanfor arbeid med vald og overgrep og barnevernsarbeid med familiar i krise. Tverretatleg samarbeid har vore eit viktig fokus.
I fleire år har ho vore medlem av det tverretatlege konsultasjonsteamet om vald og overgrep i Laksevåg, og har dei siste åra drive med undervisning og rettleiing av samarbeidspartnarar.
Linda er tilsett i eit deltidsengasjement ved RVTS Vest, i tillegg jobbar ho på Barnevernvakten.