Journalist og filmskapar Eli Gunnvor Grønsdal er tilsett i eit midlertidig engasjement ved RVTS Vest. Ho skal dokumentere RVTS Vest sitt arbeid og skrive aktuelle saker.
Nokon av dykk kjenner kanskje Eli Gunnvor frå TV-serien «Dit peppern gror» som gjekk på TV2 no i vår, men Eli Gunnvor har arbeidd som medisinsk journalist i sitt eige firma i 16 år. I tillegg har ho produsert og regissert ei rekkje filmar innanfor medisin, psykiatri og rus. Ho har også tidlegare vore tilsett i Helse Bergen både på Kommunikasjonsavdelinga og ved Avdeling for internasjonalt samarbeid.