Aktuelt
Nordisk konferanse om flyktningar i Bergen
- 31/01/2013
- Av: Maksimer
- Kategori: Aktuelt Flyktninghelse Førebygging Kurs/konferanse

Patrick O’Loughlin og Chiku Ali i fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon oppmodar deg til å melde deg på konferansen.
Vi minner om siste frist, 1. april, for påmelding til Den 18. nordiske konferanse for behandlarar som arbeider med traumatiserte flyktningar!
Dei fem regionale ressurssentra om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging skal arrangere den 18. nordiske konferansen for behandlarar som arbeider med traumatiserte flyktningar. Sidan den skal arrangerast i Bergen er sjølvsagt vi i RVTS Vest ekstra stolte og spente.
Kvifor skal folk melde seg på denne konferansen?
– Dette er ein unik mogelegheit til å bli oppdatert på mange områder innanfor arbeid med flyktningar, seier Patrick O’Loughlin og Chiku Ali i fagteam flyktninghelse og tvungen migrasjon. – Vi har kollegaer frå heile norden som skal førelese, og vi ser fram til spennande dagar med mykje fagleg input og erfaringsutveksling. – Det er lagt opp til keynotes og parallelle sesjonar/workshops der det vil bli invitert til mykje dialog.
– Vi vil understreke at konferansen ikkje berre er for behandlarar, men for alle som er opptatt av flyktninghelse.
– Vi ynskjer å trekkje fram to unike førestillingar som er lagt inn i programmet; Nightwind Performance med Hector Artistizabal og The Tin Ring med Jane Arnfield. Ikkje minst håper vi at dei fleste blir med på festmiddagen som skal vere på kvelden den 19. april. Internasjonal mat og musikk står på menyen!
For meir informasjon om konferansen og påmelding, gå til konferansen sine eigne nettsider.